Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Rut

3

Rut og Boas på treskjeplassen

1 Noomi, svigermor til Rut, sa til henne: «Dotter mi! Skulle eg ikkje sjå til å finna ein heim til deg så du kan få det godt? 2 Høyr, Boas er då slektningen vår, og det er tenestejentene hans du har vore i lag med. No i natt hiv han bygg på treskjeplassen. 3 Du skal vaska deg og salva deg. Ta så på deg finkleda og gå ned til treskjeplassen. Men gjev deg ikkje til kjenne for mannen før han er ferdig med å eta og drikka! 4 Når han legg seg, skal du merka deg staden der han ligg. Gå så bort, ta teppet vekk frå føtene hans og legg deg der! Så vil han sjølv seia deg kva du skal gjera.» 5 Då svara ho: «Eg skal gjera alt du seier.» 6 Ho gjekk ned til treskjeplassen og gjorde alt slik svigermor hennar hadde sagt. 7 Boas åt og drakk og vart glad til sinns. Så gjekk han og la seg i kanten av kornhaugen. Då smaug ho seg fram, tok teppet vekk frå føtene hans og la seg der.

8 Ved midnattstid kvakk mannen til. Han bøygde seg fram og såg at det låg ei kvinne nedmed føtene hans. 9 «Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestekvinna di», svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er løysingsmann.» 10 Då sa han: «Velsigna er du av Herren, dotter mi! Du har vist endå større truskap enn før ved ikkje å gå etter dei unge mennene, verken dei fattige eller dei rike. 11 Og no, dotter mi, ver ikkje redd! Alt det du seier, vil eg gjera for deg. For alle som bur i byen, veit at du er ei heiderleg kvinne. 12 Det er sant at eg er løysingsmannen, men det er ein annan løysingsmann som er nærare enn eg. 13 Sov her i natt, og om han vil løysa deg ut i morgon, så lat han gjera det. Men om han ikkje vil løysa deg ut, skal eg gjera det sjølv, så sant Herren lever! Berre ligg her til i morgon tidleg!»

14 Ho vart liggjande ved føtene hans til morgonen, men ho stod opp før folk kunne kjenna kvarandre att. For han sa til seg sjølv: «Det må ikkje bli kjent at kvinna kom hit til treskjeplassen.» 15 Så sa han: «Kom hit med sjalet du har på deg, og hald det fram!» Og då ho heldt sjalet fram, målte han opp seks mål bygg og la på henne. Så gjekk han inn til byen.

16 Då Rut kom til svigermor si, spurde ho: «Korleis gjekk det med deg, dotter mi?» Og ho fortalde henne alt det mannen hadde gjort mot henne, 17 og la til: «Desse seks måla med bygg gav han meg, for han sa: Du skal ikkje koma tomhendt heim til svigermor di.» 18 Då sa Noomi: «Hald deg no i ro, dotter mi, til du får vita korleis saka fell ut. For den mannen unner seg ikkje kvile før han får saka ordna, og det alt i dag.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.