Gå til forsiden

Høgsongen

4 Han

1 Så vakker du er, mi kjære!

Så vakker du er! Auga dine er duer bak sløret!

Håret ditt er som ein geiteflokk,

strøymande nedover Gileads fjell.

2 Tennene dine er som nyklipte sauer

som kjem frå vask.

Tvillingar har dei alle,

og ingen har mista eit lam.


3 Leppene dine er som skarlaksband,

og munnen din er herleg.

Som ei skive av eit granateple

er tinningen bakom sløret.


4 Halsen din er som Davidstårnet,

mura av hoggen stein.

Tusen skjold heng på det,

alle rundskjolda til heltane.


5 Brysta dine er som to gasellkalvar,

tvillingar som beiter mellom liljene.


6 Heilt til dagen blæs skuggane bort,

går eg til myrrafjellet

og til røykjelseshaugen.


7 Alt hos deg er vakkert, mi kjære,

du er utan feil.

8 Kom med meg frå Libanon,

kom med meg, mi brur!

Stig ned frå toppen av Amana,

frå toppen av Senir og Hermon,

frå løvehòler, frå leopardfjell.


9 Du har fanga mitt hjarte, mi syster, mi brur.

Du har fanga mitt hjarte med eit einaste augnekast,

med ei einaste lenkje frå din hals.

10 Så vakker din kjærleik er, mi syster, mi brur!

Kjærleiken din er betre enn vin,

angen av oljane dine betre enn alle urter!


11 Frå leppene dine dryp finaste honning, mi brur.

Honning og mjølk er under di tunge.

Angen av kleda dine er som angen frå Libanon.

12 Ein stengd hage er mi syster, mi brur,

ein stengd hage, ei forsegla kjelde.


13 Vokstrane dine er ein paradishage

av granateple og herleg frukt,

hennabuskar og nardusplanter,

14 nardus, safran, kalmus, kanel og alle slag røykjelsestre,

myrra, aloe, alle dei finaste urter.

15 Du er kjelda i hagen,

ei oppkome med levande vatn

strøymande frå Libanon.


16 Vakna, nordavind!

Kom, sønnavind!

Blås gjennom hagen min

så urteangen fritt får strøyma.

Ho

Å, om kjærasten min ville koma til hagen

og eta herleg frukt!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.