Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Høgsongen

6 Koret

1 Kvar er kjærasten din faren,

du vakraste mellom kvinner?

Sei, kvar har kjærasten teke vegen,

vi vil hjelpa deg å leita.


Ho

2 Kjærasten gjekk ned til hagen sin,

til angande urtesenger.

Han ville gjeta i hagane

og plukka liljer.

3 Kjærasten er min, og eg er hans,

han som gjeter mellom liljene.

Han

4 Du er vakker som Tirsa, mi kjære,

praktfull som Jerusalem,

farleg som ein hær under banner.

5 Vend auga dine bort,

dei hærtek meg.

Håret ditt er som ein geiteflokk,

strøymande nedover Gilead.

6 Tennene dine er som nyklipte sauer

som kjem frå vask.

Tvillingar har dei alle,

og ingen har mista eit lam.

7 Som skiva av eit granateple

er tinningen bakom sløret.


8 Seksti dronningar er det, åtti følgjekoner

og unge jenter utan tal.

9 Berre éi er mi due, mi fullkomne,

den einaste for mor si,

elska av henne som fødde henne.

Døtrene ser henne og prisar henne sæl,

dronningar og følgjekoner hyllar henne.

Koret

10 Kven er ho som strålar lik morgonròden,

vakker som månen, klår som sola,

farleg som ein hær under banner?

Han

11 Eg gjekk ned til nøttehagen,

ville sjå kor det grønkast i dalen,

om vinstokken hadde sett nye skot,

om granataplane blømde.

12 Eg kjende ikkje meg sjølv,

det var som stod eg

på mitt folks vogner som hovding.

Koret

13 Snu deg, snu deg, du jente frå Sjulam!

Snu deg, snu deg, så vi får sjå deg!

Han

Kvifor vil de sjå på jenta frå Sjulam

der ho dansar mellom rekkjene?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.