Gå til forsiden

Høgsongen

8 

1 Var du som ein bror for meg,

ein som mor mi hadde amma,

då ville eg ha kyst deg

når vi møttest ute,

og ingen hadde forakta meg.


2 Så leidde eg deg til huset åt mor mi,

ho som hadde fostra meg.

Eg skulle skjenkt deg krydra vin

og saft av granatepla mine.


3 Venstre armen hans er under hovudet mitt,

med den høgre held han rundt meg.


4 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer!

Kvifor uroar de kjærleiken,

kvifor vekkjer de han før han sjølv vil?

Koret

5 Kven er ho som stig opp frå ørkenen,

stødd til kjærasten?

Ho

Under apalen vekte eg deg,

der mor di hadde rier,

der ho fødde deg.


6 Set meg som eit segl på hjartet ditt,

eit stempel på armen din!

For kjærleiken er sterk som døden,

lidenskapen ubøyeleg som dødsriket.

Han brenn som logande eld,

ein Herrens loge.


7 Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken,

elvar skyl han ikkje bort.

Om nokon gjev alt han eig

for å kjøpa kjærleik,

blir han berre til lått.

Koret

8 Vi har ei lita syster

som ikkje har bryst.

Kva skal vi gjera med syster vår

den dagen ho blir lova bort?


9 Er ho ein mur, vil vi byggja

tindar av sølv på han.

Er ho ei dør, vil vi sperra henne

med ein sederplanke.


Ho

10 Eg var ein mur,

og brysta mine som tårn;

framfor hans auge har eg vorte

lik ei som finn fred.

11 Salomo hadde ei vinmark i Baal-Hamon.

Han gav vinmarka bort til paktarane,

kvar av dei skulle gje han

tusen sølvpengar for frukta.


12 Mi vinmark er berre mi, den rår eg over sjølv.

Dei tusen er dine, Salomo,

to hundre er til dei som vaktar frukta.

Han

13 Du jente som held til i hagane,

venene lyder på di røyst.

Lat meg få høyra henne!


Ho

14 Fly, kjærasten min,

ver som ein gasell, som ein ung hjort

over fjell med angande urter!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.