Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Sakarja

11

Stormaktene fell

1 Lat opp dørene, Libanon,

så eld kan øyda dine sedertre!

2 Klag, du sypress!

For sederen er fallen,

dei veldige trea øydelagde.

Klag, de eiketre i Basan!

For den tette skogen er felt.

3 Høyr kor gjetarane klagar,

for herlegdomen deira er øydelagd.

Høyr kor dei unge løvene brøler,

for det Jordan er stolt av, er lagt øyde.

Dei to gjetarane og dei to stavane

4 Så seier Herren min Gud: «Gjet slaktesauene!»

5 Kjøparane slaktar dei uten å kjenna skuld,

seljarane seier: «Velsigna er Herren, eg vart rik!»

og deira eigne gjetarar sparer dei ikkje.

6 «For eg vil ikkje lenger spara dei som bur i landet», seier Herren.

«Sjå, eg gjev menneska over i hendene på kvarandre

og i hendene på kongen deira.

Dei skal knusa landet,

og eg vil ikkje berga nokon frå deira hand.»


7 Så gjette eg slaktesauene for sauehandlarane.

Eg tok meg to stavar.

Den eine kalla eg Godvilje,

den andre kalla eg Semje,

og eg gjette sauene. –

8 Eg rydda av vegen dei tre gjetarane på ein månad.

Eg mista tolmodet med sauene,

og dei vart trøytte av meg òg.

9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjeta dykk.

Dei som held på å døy, får døy.

Dei som går til grunne, får gå til grunne.

Dei som er att, får eta kjøtet av kvarandre.»

10 Så tok eg staven min Godvilje og knekte han. Eg ville bryta den pakta som eg hadde gjort med alle folka. 11 Og ho vart broten den dagen. Då skjøna sauehandlarane som vakta på meg, at dette var Herrens ord.

12 Eg sa til dei: «Om de finn det for godt, så gjev meg løna mi. Dersom ikkje, så lat det vera.» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. 13 Men Herren sa til meg: «Kast dei inn i skattkammeret, den kostelege summen eg er verd for dei.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, i skattkammeret. 14 Så knekte eg av den andre staven, Semje, for å bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15  Herren sa til meg: «Utstyr deg no som ein duglaus gjetar! 16 For sjå, eg reiser opp ein gjetar i landet.

Han leitar ikkje etter dei tapte,

søkjer ikkje opp dei spreidde,

lækjer ikkje dei skadde,

fôrar ikkje dei friske,

men et kjøtet av dei beste dyra

og kløyver til og med klauvene på dei.»


17 Ve den dårlege gjetaren min

som forlèt flokken!

Sverd mot hans arm,

mot hans høgre auge!

Armen skal visna,

høgre auge blindast.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.