Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Sefanja

2

Søk Herren

1 Samla dykk! Kom saman,

du folk utan skam,

2 før det som er fastsett, blir sett i verk

og dagen fyk bort som agner,

før Herrens brennande vreide kjem over dykk,

før Herrens vreidedag kjem over dykk!


3 Søk Herren,

alle de audmjuke i landet,

de som følgjer hans bod!

Søk rettferd, ver audmjuke,

så finn de kanskje ly

Herrens vreidedag.

Dom over andre folkeslag

4 Gaza skal liggja folketomt

og Asjkalon bli ei øydemark.

Asjdod skal drivast bort midt på lyse dagen

og Ekron rykkjast opp.

5 Ve dykk kretarar som bur ved kysten!

Dette er Herrens ord mot dykk:

«Kanaan, du filistarland,

eg legg deg i øyde så ingen kan bu der.

6 Kysten skal bli til beitemark

med brønnar for gjetarane

og kveer for småfeet.»

7 Dei som er att av Judas hus,

skal ha kysten som beiteland.

Om kvelden skal dei leggja seg til kvile

i husa i Asjkalon.

For Herren deira Gud skal sjå til dei,

han skal venda deira lagnad.


8 Eg høyrde spott frå Moab

og hån frå ammonittane

då dei spotta folket mitt

og briska seg mot landet.

9 Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:

Så sant eg lever,

skal det gå Moab som Sodoma

og ammonittane som Gomorra;

dei skal bli ei tistelmark,

ei saltgruve,

ei øydemark for alltid.

Dei som er att av folket mitt,

skal plyndra dei,

ein rest av folket skal ta dei i eige.

10 Dette får dei att for sitt overmot,

fordi dei spotta og såg ned på

folket til Herren over hærskarane.

11  Herren vekkjer frykt hos dei

når han utryddar alle gudane på jorda.

Alle folkeslag frå fjerne kystar

skal koma og tilbe han, kvar frå sin stad.

12 De òg, kusjittar,

skal gjennomborast av mitt sverd.


13 Han lyfter handa mot nord

og øydelegg Assur.

Han gjer Ninive til øydemark,

tørr som ein ørken.

14 Midt i henne skal buskapar kvila

og alle slag ville dyr.

Pelikan og hegre skal sova

på søylehovuda

og ugla tuta frå vindauga,

på dørstokken skal ramnen sitja.

Sederpanelet blir rive av.

15 Dette er den jublande byen,

ho som låg så trygt og sa i sitt hjarte:

«Eg – og ingen annan!»

Kor aud ho har vorte,

ein kvileplass for villdyr!

Alle som dreg forbi,

plystrar hånleg til henne

og slår ut med hendene.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.