Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Dagens Bibelord

Job 28,20–28

Les i nettbibelen

20Kvar kjem då visdomen frå? Kvar har forstanden sin bustad? 21Visdomen er løynd for kvart levande auge, gøymd for fuglane under himmelen. 22Avgrunnen og døden seier: «Vi har berre høyrt om han.» 23Gud kjenner vegen til visdomen. Han veit kvar han har sin bustad. ... Vis hele teksten

20Kvar kjem då visdomen frå? Kvar har forstanden sin bustad? 21Visdomen er løynd for kvart levande auge, gøymd for fuglane under himmelen. 22Avgrunnen og døden seier: «Vi har berre høyrt om han.» 23Gud kjenner vegen til visdomen. Han veit kvar han har sin bustad. 24Han skodar til heimsens endar, alt under himmelen kan han sjå. 25Då han gav vinden vekt og lét vatnet få rette mål, 26då han sette ei grense for regnet og fastla vegar for lyn og tore, 27då såg han visdomen og målte han, stilte han opp og granska han. 28Så sa han til mennesket: Å frykta Herren, det er visdom, å venda seg bort frå det vonde, det er forstand.