Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

05. juli 2022

Dagens bibelord

1. Johannes 4,1–6

Les i nettbibelen

1Mine kjære, tru ikkje kva ånd som helst! Prøv om åndene er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. ... Vis hele teksten

1Mine kjære, tru ikkje kva ånd som helst! Prøv om åndene er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3Men kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og den ånda er alt no i verda. 4Men de, mine born, er av Gud og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd.