Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Domarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Samson blir fødd
13På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge. Då gav Herren dei i hendene på filistrane i førti år.
   
 2 Det var ein mann frå Sora, frå Dan-slekta, han heitte Manoah. Kona hans var barnlaus; ho kunne ikkje få born.  3 Herrens engel synte seg for henne og sa: «Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal bli med barn og føda ein son.  4 Pass difor på at du ikkje drikk vin eller sterk drikk og ikkje et noko ureint!  5 For sjå, du skal bli med barn og føda ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans, for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og med han skal berginga av Israel frå filistrane ta til.»
   
 6 Kvinna gjekk til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel og fylte meg med redsle. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.  7 Han sa til meg: Du skal bli med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.»
   
 8 Då bad Manoah til Herren og sa: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss kva vi skal gjera med guten som skal bli fødd.»  9 Gud høyrde Manoahs bøn. Guds engel kom att til kvinna ein gong ho sat utpå marka og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne. 10 Då skunda kvinna seg og sprang heim og fortalde mannen sin: «No har han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her om dagen.» 11 Manoah reiste seg og følgde kona si. Då han kom ut til mannen, spurde han: «Er du den mannen som tala til kona mi?» «Ja», svara han. 12 Då sa Manoah: «Når det no går som du har sagt, korleis skal vi då oppføra oss overfor guten, og kva skal vi gjera med han?» 13 Herrens engel svara Manoah: «Alt det eg nemnde for kona di, må ho passa seg for. 14 Ho må ikkje eta noko som kjem frå vintreet, ikkje drikka vin eller sterk drikk og ikkje eta noko ureint. Alt det eg har pålagt henne, skal ho halda seg etter.»
   
15 Då sa Manoah til Herrens engel: «Vil du ikkje stansa ei stund så vi får stella til eit kje for deg?» 16 Men Herrens engel svara Manoah: «Om du får meg til stansa, et eg likevel ikkje av maten din. Men vil du laga til eit brennoffer, skal du ofra det til Herren!» Manoah visste ikkje at det var Herrens engel. 17 Difor sa han til Herrens engel: «Kva er namnet ditt, så vi kan æra deg når det hender, det du har sagt?» 18 Då sa Herrens engel: «Kvifor spør du om namnet mitt? Det er eit underfullt namn!»
   
19 Så tok Manoah kjeet og grødeofferet og ofra det der på berget til Herren, han som gjer under. Medan Manoah og kona hans stod og såg på, 20 hende det noko. Då logen steig opp frå altaret mot himmelen, fór Herrens engel opp i logen frå altaret. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda. 21 Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans. Då skjøna Manoah at det var Herrens engel, 22 og han sa til kona si: «No må vi døy, for vi har sett Gud.» 23 Men kona svara: «Hadde Herren vilja drepa oss, hadde han ikkje teke imot brennoffer og grødeoffer av oss. Han hadde ikkje late oss sjå alt dette og ikkje høyra slikt som vi har høyrt.»
   
24 Kona fødde ein son og kalla han Samson. Guten voks opp, og Herren velsigna han. 25 Og Herrens ande tok til å driva han medan han var i Dan-leiren mellom Sora og Esjtaol.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

19. mai 2022

Dagens bibelord

Daniel 9,17–19

Les i nettbibelen

17Hør nå, vår Gud! Din tjener ber og roper om nåde. La ditt ansikt lyse over din ødelagte helligdom, Herre, for din egen skyld. ... Vis hele teksten

17Hør nå, vår Gud! Din tjener ber og roper om nåde. La ditt ansikt lyse over din ødelagte helligdom, Herre, for din egen skyld. 18Min Gud, vend øret hit og hør! Åpne dine øyne og se våre ruiner og byen som ditt navn er nevnt over. For det er ikke i tillit til våre rettferdige gjerninger at vi kommer fram for ditt ansikt med våre rop om nåde, det er i tillit til din store barmhjertighet. 19Hør, Herre! Tilgi, Herre! Lytt og grip inn, drøy ikke – for din egen skyld, min Gud! For ditt navn er nevnt over byen din og folket ditt.»