Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Domarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Samsons giftarmål
14Ein gong gjekk Samson ned til Timna. Der fekk han sjå ei kvinne, ei av døtrene til filistrane.  2 Då han kom heim att, fortalde han det til far sin og mor si: «I Timna såg eg ei av døtrene til filistrane», sa han. «Henne må de la meg få til kone.»  3 Foreldra sa til han: «Finst det ikkje døtrer i slekta di eller ei einaste kvinne i folket vårt, sidan du vil gå av og få deg ei kone hos dei uomskorne filistrane?» Men Samson sa til far sin: «Henne må du la meg få, ho er den rette for meg.»  4 Foreldra skjøna ikkje at dette kom frå Herren, og at han søkte eit høve til strid mot filistrane. Dei var det som herska i Israel den gongen.
   
 5 Så gjekk Samson og foreldra hans ned til Timna. Då dei nådde vinmarkene utanfor byen, kom ei ung løve brølande imot han.  6 Då kom Herrens ande over han, og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle vore eit kje. Men han fortalde ikkje foreldra sine kva han hadde gjort.  7 Så gjekk han ned og snakka med kvinna, og Samson lika henne godt.
   
 8 Ei tid etter vende han attende og ville gifta seg med henne. Han tok av frå vegen og ville sjå den løva han hadde drepe. Då fann han ein bisverm og honning i løvekroppen.  9 Han skrapa honningen ut, heldt han i hendene og åt medan han gjekk frametter. Då han kom til foreldra sine, gav han dei òg, og dei åt. Men han sa ikkje at han hadde funne honningen i løvekroppen.
   
10 Då far hans kom ned til kvinna, gjorde Samson ein fest der, slik dei unge mennene brukte å gjera. 11 Så snart dei fekk sjå han, fann dei tretti bruresveinar til han; dei var støtt med han. 12 Samson sa til dei: «Lat meg gje dykk ei gåte. Løyser de henne og kjem med svaret til meg rett før dei sju festdagane er ute, skal eg gje dykk tretti linskjorter og tretti festdrakter. 13 Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti linskjorter og tretti festdrakter.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.» 14 Då sa han:
          «Av ein etar kom etande,
          av den sterke kom søtt.»
Så gjekk det tre dagar, men dei hadde ikkje løyst gåta.
15 Den fjerde dagen sa dei til brura: «Lokk mannen din til å seia oss løysinga på gåta. Elles brenner vi både deg og folket ditt. Det er vel ikkje for å plyndra oss at de har bede oss hit?»
   
16 Då gjekk brura til Samson og gret og bar seg. «Du elskar meg ikkje», sa ho, «du hatar meg visst. For du har gjeve landsmennene mine ei gåte, men du har ikkje gjeve meg svaret.» Han svara: «Eg har ikkje eingong sagt det til far og mor, skulle eg så seia det til deg!» 17 Men ho gret og bar seg for han alle dei sju dagane festen varte. Og den sjuande dagen sa han det til henne, sidan ho plaga han slik. Så løyste ho gåta for landsmennene sine. 18 Før sola gjekk ned den sjuande dagen, kom mennene i byen og sa til han:
          «Kva er søtare enn honning,
          kva er sterkare enn løva?»
Samson svara:
          «Hadde de ikkje pløgd med mi kvige,
          hadde de ikkje løyst gåta mi.»
19 Då kom Herrens ande over han, og han gjekk ned til Asjkalon og slo i hel tretti mann. Så tok han kleda deira og lét dei som hadde løyst gåta, få dei til festdrakter. I fullt sinne drog han heim att til far sin. 20 Men kona til Samson vart gjeven til den fremste av bruresveinane.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

19. mai 2022

Dagens bibelord

Daniel 9,17–19

Les i nettbibelen

17Hør nå, vår Gud! Din tjener ber og roper om nåde. La ditt ansikt lyse over din ødelagte helligdom, Herre, for din egen skyld. ... Vis hele teksten

17Hør nå, vår Gud! Din tjener ber og roper om nåde. La ditt ansikt lyse over din ødelagte helligdom, Herre, for din egen skyld. 18Min Gud, vend øret hit og hør! Åpne dine øyne og se våre ruiner og byen som ditt navn er nevnt over. For det er ikke i tillit til våre rettferdige gjerninger at vi kommer fram for ditt ansikt med våre rop om nåde, det er i tillit til din store barmhjertighet. 19Hør, Herre! Tilgi, Herre! Lytt og grip inn, drøy ikke – for din egen skyld, min Gud! For ditt navn er nevnt over byen din og folket ditt.»