Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til galatarane

1 2 3 4 5 6

Forrige kapittelNeste kapittel
4Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og slaven, endå han er herre over alt saman.  2 Han står under formyndarar og hushaldarar heilt fram til den tida far hans har fastsett.  3 Slik er det òg med oss. Då vi var umyndige, var vi slavar under grunnkreftene i verda.  4 Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova.  5 Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born.  6 Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»  7 Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.
Paulus har omsorg for galatarane
 8 Den tid de ikkje kjende Gud, var de slavar under gudar som ikkje er verkelege gudar.  9 Men no når de kjenner Gud – nei, meir enn det, når de er kjende av Gud – korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattige grunnkreftene? Vil de på nytt vera slavar under dei? 10 De held nøye rekning med dagar og månader, høgtider og år! 11 Eg er redd at eg har streva med dykk til inga nytte.
   
12 Eg bed dykk, sysken: Ver som eg, for eg har vorte som de er! De har ikkje gjort urett mot meg. 13 For de veit at det var på grunn av ein sjukdom eg fekk forkynna evangeliet for dykk første gongen. 14 Men de lét dykk ikkje freista av dette til å forakta eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv. 15 Men kvar har gleda dykkar no vorte av? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut auga og gjeve meg, om det lét seg gjera. 16 Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga? 17 Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode, for dei vil skilja dykk frå oss og gjera dykk til sine tilhengjarar. 18 Det er vel og bra at somme er ivrige alltid og ikkje berre når eg er hos dykk, men det må vera ein iver for det gode. 19 Mine born, som eg på nytt føder med smerte til den tid Kristus tek skapnad i dykk 20 – eg skulle ønskja eg var hos dykk så eg kunne bruka ein annan tone når eg talar, for eg veit inga råd med dykk.
Den gamle og den nye pakta
21 Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova? 22 Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med slavekvinna og ein med den frie kvinna. 23 Son til slavekvinna er fødd etter naturens orden, medan son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad. 24 Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til slaveri. 25 Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det noverande Jerusalem, som lever i slaveri med borna sine. 26 Men det Jerusalem som er i det høge, er fritt, og det er vår mor. For det står skrive:
          
   
27  Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde.
           Bryt ut i jubel, du som ikkje fekk rier.
           For den einslege kvinna har fleire born
           enn ho som har mann.
28 Og de, sysken, er born ut frå lovnaden liksom Isak. 29 Men han som var fødd etter naturens orden, forfølgde den gongen han som var fødd ved Anden, og slik er det i dag òg. 30 Men kva seier Skrifta? Driv bort slavekvinna og son hennar! For son til slavekvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna. 31 Difor, sysken, er vi ikkje born av slavekvinna, men av den frie kvinna.
Forrige kapittelNeste kapittel

19. januar 2022

Dagens bibelord

Kolossarane 2,16–23

Les i nettbibelen

16Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17Dette er berre skuggen av det som skulle koma, men kroppen høyrer Kristus til. ... Vis hele teksten

16Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17Dette er berre skuggen av det som skulle koma, men kroppen høyrer Kristus til. 18Lat ikkje dei som vil driva med sjølvfornekting og engledyrking, røva sigersprisen frå dykk. Dei går heilt opp i sine eigne syn, og utan grunn blæs dei seg opp av tankar som kjem frå deira eige kjøt og blod, 19og held ikkje fast på han som er hovudet. Ut frå han veks heile kroppen med ein vokster som er av Gud, og blir halden oppe og bunden saman av alle sener og band. 20Når de med Kristus har døydd bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då leva slik ein gjer i verda, og følgja bod som 21«ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? 22Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er meinte til å brukast og gå til grunne. 23Rett nok har slikt ord på seg for å vera visdom, både sjølvlaga gudsdyrking, sjølvfornekting og mishandling av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera kjøtet vårt til lags.