Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til galatarane

1 2 3 4 5 6

Forrige kapittelNeste kapittel
4Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og slaven, endå han er herre over alt saman.  2 Han står under formyndarar og hushaldarar heilt fram til den tida far hans har fastsett.  3 Slik er det òg med oss. Då vi var umyndige, var vi slavar under grunnkreftene i verda.  4 Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova.  5 Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born.  6 Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»  7 Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.
Paulus har omsorg for galatarane
 8 Den tid de ikkje kjende Gud, var de slavar under gudar som ikkje er verkelege gudar.  9 Men no når de kjenner Gud – nei, meir enn det, når de er kjende av Gud – korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattige grunnkreftene? Vil de på nytt vera slavar under dei? 10 De held nøye rekning med dagar og månader, høgtider og år! 11 Eg er redd at eg har streva med dykk til inga nytte.
   
12 Eg bed dykk, sysken: Ver som eg, for eg har vorte som de er! De har ikkje gjort urett mot meg. 13 For de veit at det var på grunn av ein sjukdom eg fekk forkynna evangeliet for dykk første gongen. 14 Men de lét dykk ikkje freista av dette til å forakta eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv. 15 Men kvar har gleda dykkar no vorte av? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut auga og gjeve meg, om det lét seg gjera. 16 Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga? 17 Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode, for dei vil skilja dykk frå oss og gjera dykk til sine tilhengjarar. 18 Det er vel og bra at somme er ivrige alltid og ikkje berre når eg er hos dykk, men det må vera ein iver for det gode. 19 Mine born, som eg på nytt føder med smerte til den tid Kristus tek skapnad i dykk 20 – eg skulle ønskja eg var hos dykk så eg kunne bruka ein annan tone når eg talar, for eg veit inga råd med dykk.
Den gamle og den nye pakta
21 Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova? 22 Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med slavekvinna og ein med den frie kvinna. 23 Son til slavekvinna er fødd etter naturens orden, medan son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad. 24 Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til slaveri. 25 Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det noverande Jerusalem, som lever i slaveri med borna sine. 26 Men det Jerusalem som er i det høge, er fritt, og det er vår mor. For det står skrive:
          
   
27  Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde.
           Bryt ut i jubel, du som ikkje fekk rier.
           For den einslege kvinna har fleire born
           enn ho som har mann.
28 Og de, sysken, er born ut frå lovnaden liksom Isak. 29 Men han som var fødd etter naturens orden, forfølgde den gongen han som var fødd ved Anden, og slik er det i dag òg. 30 Men kva seier Skrifta? Driv bort slavekvinna og son hennar! For son til slavekvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna. 31 Difor, sysken, er vi ikkje born av slavekvinna, men av den frie kvinna.
Note: grunnkreftene: makter som vart tilbedne og dyrka i heidenske religionar. Dei vart ofte sette i samband med naturkrefter, særleg dei fire grunnelementa jord, vatn, luft og eld, og med himmellekamar. Jf. Kol 2,8.20.
Note: Abba: aram. for «far». Ein slik måte å innleia ei bøn til Gud på er utan parallellar i jødisk bønespråk. Jf. Mark 14,36; Rom 8,15ff.
Gal 4,7 viser til Gal 3,29
Gal 4,9 viser til Kol 2,20
Gal 4,10 viser til Rom 14,5, Kol 2,16
Note: dagar og månader, høgtider og år: siktar til den jødiske sabbatspraksisen og festkalenderen. Jf. Rom 14,5.
Gal 4,16 viser til Am 5,10
Gal 4,24 viser til Gal 5,1
Note: Hagar … i Arabia: Andre handskrifter har «Sinai er eit fjell i Arabia». Namnet Hagar liknar på det arabiske namnet på eit fjell i Arabia, som vart sett i samband med Sinai-fjellet.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. oktober 2021

Dagens Bibelord

3. Mosebok 19,32–37

Les i nettbibelen

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. ... Vis hele teksten

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. 34Innflytteren som bor hos dere, skal være som en av deres egne landsmenn. Du skal elske ham som deg selv. For dere har selv vært innflyttere i Egypt. Jeg er Herren deres Gud. 35Dere skal ikke gjøre urett mot noen når dere dømmer, når dere bruker lengdemål, vekt eller hulmål. 36Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal dere bruke. Jeg er Herren deres Gud, som førte dere ut av Egypt. 37Dere skal holde alle mine forskrifter og lover og leve etter dem! Jeg er Herren.