Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Den rettferdige kongen 11Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter. 2 Herrens ande skal kvila over han, ein Ande med visdom og forstand, ein Ande med råd og styrke, ein Ande som gjev kunnskap og frykt for Herren. 3 Han skal ha si glede i frykta for Herren. Han skal ikkje dømma etter kva auga ser, og ikkje skifta rett etter kva øyra høyrer. 4 Han skal dømma fattige rettferdig, i rettferd skal han skifta rett for dei hjelpelause i landet. Han skal slå landet med riset i sin munn og drepa dei urettferdige med pusten frå sine lepper. 5 Rettferd skal vera beltet om livet og truskap beltet om hoftene hans. 6 Då skal ulven bu saman med lammet og leoparden leggja seg hos kjeet. Kalv og ungløve skal beita saman medan ein smågut gjeter dei. 7 Ku og bjørn skal beita, ungane deira leggja seg saman, og løva skal eta halm som oksen. 8 Spedbarnet skal leika attmed hòla til slangen og barnet strekkja handa ut mot ormebolet. 9 Ingen skal skada eller øydeleggja noko på heile mitt heilage fjell. For landet er fylt av kjennskap til Herren slik vatnet dekkjer havsens botn. 10 Den dagen skal Isais rotskot stå som eit banner for folka. Folkeslaga skal søkja han, og hans bustad skal vera herleg. Dei bortførte skal venda attende 11 Den dagen skal Herren for andre gong rekkja ut si hand og kjøpa fri resten av folket sitt, dei som er att frå Assur, Egypt, Patros, Kusj, Elam, Sinear, Hamat og frå kystlanda. 12 Han skal lyfta eit banner for folka, samla dei fordrivne av Israel og føra saman dei spreidde av Juda frå verdsens fire hjørne. 13 Då skal Efraims misunning forsvinna og Judas fiendskap ryddast ut. Efraim skal ikkje misunna Juda og Juda ikkje vera fiendtleg mot Efraim. 14 Dei skal slå ned på skuldra til filistrane i vest, saman skal dei plyndra folka i aust. Dei skal leggja hand på Edom og Moab, ammonittane må lyda dei. 15 Då skal Herren tørka ut havbukta ved Egypt og svinga handa over Storelva. Med ein sterk storm skal han kløyva elva i sju bekkefar så ein kan gå tørrskodd over. 16 Og det skal vera ein veg for den resten som er att av Herrens folk frå Assur, slik det var for israelittane den dagen dei drog opp frå Egypt. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
1Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. ... Vis hele teksten
1Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. 3Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin. 4Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret. 5Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.» 6Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda. 7Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg. 8Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han. 9Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!» 10«Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg. 11Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.