Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
34Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg. 2 א Eg vil velsigna Herren til alle tider, alltid lovsyngja han med min munn. 3 ב Eg er stolt over Herren, lat dei hjelpelause høyra det og vera glade. 4 ג Pris Herren saman med meg, lat oss æra hans namn! 5 ד Eg søkte Herren, og han svara meg, frå alt som skremde, berga han meg. 6 ה Vend blikket mot han og strål av glede, så skal de aldri raudna av skam! 7 ז Den hjelpelause ropa, og Herren høyrde, han frelste han frå alle trengsler. 8 ח Herrens engel slår leir rundt dei som ottast han. Han friar dei ut. 9 ט Smak og sjå at Herren er god! Sæl er den som søkjer tilflukt hos han. 10 י Frykt Herren, de hans heilage! Dei som ottast han, lid inga naud. 11 כ Unge løver lid naud og svelt; men dei som søkjer Herren, manglar aldri det som godt er. 12 ל Kom hit, born, høyr på meg! Eg vil læra dykk frykt for Herren. 13 מ Er du ein som har glede av livet, som elskar å sjå gode dagar? 14 נ Hald då tunga borte frå det som er vondt, og leppene borte frå svikefull tale. 15 ס Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode. Søk fred og jag etter han! 16 ע Herrens auge følgjer dei rettferdige, hans øyre høyrer deira rop. 17 פ Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde, han skal utrydda minnet om dei frå jorda. 18 צ Dei rettferdige ropar, og Herren høyrer, han bergar dei ut or alle trengsler. 19 ק Herren er nær hos dei som har eit sundbrote hjarte, han frelser dei som har ei knust ånd. 20 ר Mange ulukker rammar den rettferdige, men Herren friar han ut av dei alle. 21 ש Han tek vare på kvart bein i hans kropp, ikkje eitt av dei skal brytast. 22 ת Ulukke drep den lovlause, dei som hatar den rettferdige, blir straffa. 23 Men Herren bergar livet til sine tenarar, ingen som søkjer tilflukt hos han, blir straffa. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
11På reisen til Jerusalem dro Jesus gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12Da han var på vei inn i en landsby, kom ti spedalske menn imot ham. De ble stående langt unna 13og ropte: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!» ... Vis hele teksten
11På reisen til Jerusalem dro Jesus gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12Da han var på vei inn i en landsby, kom ti spedalske menn imot ham. De ble stående langt unna 13og ropte: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!» 14Han så dem og sa: «Gå og vis dere for prestene!» Og mens de var på vei dit, ble de rene. 15Men én av dem kom tilbake da han merket at han var blitt frisk. Han lovpriste Gud med høy røst, 16kastet seg ned for Jesu føtter med ansiktet mot jorden og takket ham. Denne mannen var en samaritan. 17Jesus sa: «Ble ikke alle ti rene? Hvor er da de ni? 18Var det ingen andre enn denne fremmede som vendte tilbake for å gi Gud æren?» 19Og han sa til ham: «Reis deg og gå! Din tro har frelst deg.»