Nyhet! Tidslinjen - 52 gjenfortalte bibelfortellinger med illustrasjoner og lyd.

Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Kongebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22

Forrige kapittelNeste kapittel

Elia og borgherren Obadja
18Så gjekk det lang tid. I det tredje året kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: «Gå og stig fram for Ahab! Eg vil senda regn over jorda.»  2 Elia gjekk i veg og steig fram for Ahab.
        Det var stor hungersnaud i Samaria.
 3 Då kalla Ahab til seg Obadja, som var borgherre. Obadja hadde stor age for Herren.  4 Den gongen Jesabel ville rydda ut Herrens profetar, tok han hundre profetar og løynde dei i to hòler, femti i kvar hòle, og sytte for mat og drikke til dei.  5 No sa Ahab til han: «Kom, lat oss fara gjennom landet, til alle kjelder og bekker! Kanskje vi finn gras så vi kan halda liv i hestar og muldyr og slepp å slakta noko av buskapen.»  6 Så delte dei landet mellom seg; dei skulle fara gjennom det kvar for seg. Ahab fór éin veg og Obadja ein annan.
   
 7 Medan Obadja var på vegen, fekk han sjå Elia, som kom imot han. Obadja kjende han att, kasta seg ned med andletet mot jorda og sa: «Er det verkeleg du, min herre Elia?»  8 Han svara: «Ja, det er eg. Gå og sei til herren din at Elia er her.»  9 Men Obadja sa: «Kva synd har eg gjort sidan du gjev din tenar i hendene på Ahab og lèt han drepa meg? 10 Så sant Herren din Gud lever: Det finst ikkje det folk eller rike som min herre ikkje har sendt bod til for å spørja etter deg. Når dei så sa: Han er ikkje her, lét han desse rika og folka sverja på at dei ikkje kunne finna deg. 11 Og no seier du at eg skal gå og seia til min herre at Elia er her! 12 Når eg no går frå deg, rykkjer Herrens ande deg bort til ein stad eg ikkje veit om. Kjem eg så og fortel dette til Ahab og han ikkje finn deg, drep han meg. Og eg, tenaren din, har då frykta Herren heilt frå ungdomen av. 13 Har ingen fortalt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde dei, hundre i talet, femti mann i kvar hòle, og sytte for mat og drikke til dei. 14 Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!» 15 Då sa Elia: «Så sant han lever, han som eg tener, Herren over hærskarane: I dag skal eg stiga fram for kongen.»
Elia på Karmel
16 Obadja gjekk til Ahab og fortalde han dette. Ahab gjekk så for å møta Elia. 17 Med det same Ahab vart vâr Elia, sa han: «No, der er du, du som fører ulukke over Israel!» 18 Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og huset til far din. De har vendt dykk frå Herrens bod og følgt Baal-gudane. 19 Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hos meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Baal-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som får mat ved Jesabels bord!» 20 Så sende Ahab bod ikring til alle israelittane og kalla profetane saman på Karmel-fjellet.
   
21 Elia steig fram for heile folket og sa: «Kor lenge vil de halta til begge sider? Er Herren Gud, så hald dykk til han, og er Baal Gud, så hald dykk til han!» Men folket svara ikkje eit ord. 22 Då sa Elia til dei: «Eg er den einaste som er att av Herrens profetar. Men av Baal-profetane er det fire hundre og femti. 23 Lat oss no få to oksar! Så kan dei velja seg den eine oksen, dela han opp og leggja han på veden; men de må ikkje tenna på. Og eg skal stella til den andre oksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld. 24 Så kan de kalla på guden dykkar ved namn, og eg vil kalla på Herren ved namn. Den guden som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folket svara: «Godt, lat det vera så!» 25 Då sa Elia til Baal-profetane: «Vel dykk ein av oksane og stell han til først, sidan de er flest! Kall så på guden dykkar, men kveik ikkje eld!» 26 Så tok dei den oksen han hadde gjeve dei, stelte han til og kalla på Baals namn frå morgon til middag. «Svar oss, Baal!» sa dei. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara. Imedan hinka og hoppa dei kring altaret dei hadde reist.
   
27 Då det hadde vorte middag, hånte Elia dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått avsides eller er ute på reise. Kanskje han søv og må vakna.» 28 Så ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spyd, som dei hadde for vane, til blodet rann nedover dei. 29 Då det leid over middag, tok dei til å tala over seg. Slik heldt dei på til den tid grødeofferet blir bore fram. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara og ingen som ensa dei.
   
30 Då sa Elia til folkemengda: «Kom hit til meg!» Og heile folket gjekk bort til han. Så sette han i stand igjen Herrens altar, som var nedrive. 31 Han tok tolv steinar, ein for kvar av stammane etter sønene til Jakob, han som Herren hadde tala dette ordet til: «Israel skal namnet ditt vera.» 32 Av desse steinane bygde han eit altar i Herrens namn. Og rundt ikring altaret grov han ei grøft som svara til ein åker som tek to sea såkorn. 33 Han la veden til rette, delte opp oksen og la han oppå veden. 34 Så sa han: «Fyll fire krukker med vatn og aus det ut over brennofferet og veden!» Og han sa: «Gjer det ein gong til!» Så gjorde dei det andre gongen. Då sa han: «Gjer det endå ein gong!» Så gjorde dei det tredje gongen. 35 Vatnet rann rundt ikring altaret. Til og med grøfta fylte han med vatn.
   
36 Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: « Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det i dag bli kjent at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette. 37 Svar meg, Herre! Svar meg, så dette folket skjønar at du, Herre, er Gud, og at du har vendt hjartet deira til deg igjen.» 38 Då fór Herrens eld ned og øydde både brennofferet og veden, steinane og jorda, og sleikte opp vatnet som var i grøfta. 39 Då folket såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: « Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!» 40 Elia sa til dei: «Ta Baal-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Baal-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.
   
41 Sidan sa Elia til Ahab: «No kan du gå opp og eta og drikka; for eg høyrer susen av styrtregn.» 42 Då gjekk Ahab opp for å eta og drikka. Og Elia steig opp på toppen av Karmel og bøygde seg mot jorda med andletet mellom knea. 43 Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!» 44 Sjuande gongen sa guten: «Eg ser ei lita sky, ikkje større enn ei menneskehand, stiga opp av havet.» Då sa Elia: «Gå og sei til Ahab at han må spenna føre og fara heim, så ikkje regnet skal hefta han!» 45 I mellomtida mørkna himmelen til med skyer og vind, og det kom stridregn. Ahab steig opp i vogna si og køyrde til Jisreel. 46 Men Herrens hand kom over Elia. Han batt opp kjortelen og sprang føre Ahab heilt til Jisreel.
1 Kong 18,29 viser til Sal 115,5ff
Note: grødeofferet: vart frambore både morgon og kveld, jf. 2 Kong 3,20; 16,15. Her gjeld det kveldsofferet.
Note: to sea: ca. 24 l.
Note: Jisreel: by ved foten av Gilboa-fjellet, residensby for Ahab (attåt Samaria, 21,18).
Forrige kapittelNeste kapittel

18. september 2021

Dagens Bibelord

1. Korintar 15,22–26

Les i nettbibelen

22For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. 23Men kvar til si tid: Kristus er førstegrøda, deretter følgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem. ... Vis hele teksten

22For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. 23Men kvar til si tid: Kristus er førstegrøda, deretter følgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem. 24Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, sin Far, etter at han har utsletta all makt og alt herredøme og alt velde. 25For han skal vera konge til Gud har lagt alle fiendar under hans føter. 26Den siste fienden som blir gjord til inkjes, er døden.