Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Første Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29

Neste kapittel

Ætta til Adam
1Adam, Set, Enosj;  2 Kenan, Mahalalel, Jared;  3 Henok, Metusjalah, Lamek;  4 Noah, Sem, Ham og Jafet.
   
 5 Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras.  6 Sønene til Gomer var Asjkenas, Difat og Togarma.  7 Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim.
   
 8 Sønene til Ham var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.  9 Sønene til Kusj var Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan. 10 Kusj vart òg far til Nimrod. Han var den første som vart mektig på jorda. 11 Misrajim vart stamfar til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane, 12 patrusarane og kasluharane, dei som filistrane har kome frå, og kaftorarane.
   
13 Kanaan vart far til Sidon – han var den førstefødde – og til Het, 14 og til jebusittane, amorittane, girgasjittane, 15 hevittane, arkittane, sinittane, 16 arvadittane, semarittane og hamatittane.
   
17 Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud, Aram, Us, Hul, Geter og Mesjek. 18 Arpaksjad vart far til Sjelah, og Sjelah vart far til Eber. 19 Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg, for i hans dagar vart jorda delt opp. Bror hans heitte Joktan. 20 Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerah, 21 Hadoram, Usal, Dikla, 22 Ebal, Abimael, Saba, 23 Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.
   
24 Sem, Arpaksjad, Sjelah, 25 Eber, Peleg, Re'u, 26 Serug, Nahor, Tarah 27 og Abram, det er Abraham.
Ætta til Abraham
28 Sønene til Abraham var Isak og Ismael. 29 Dette er slektshistoria deira: Nebajot var den førstefødde sonen til Ismael. Han hadde òg sønene Kedar, Adbeel, Mibsam, 30 Misjma, Duma, Massa, Hadad, Tema, 31 Jetur, Nafisj og Kedma. Dette var etterkomarane av Ismael.
   
32 Ketura, følgjekona til Abraham, fødde Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. Sønene til Joksjan var Saba og Dedan. 33 Og sønene til Midjan var Efa, Efer, Henok, Abida og Eldaa. Alle desse var etterkomarar av Ketura.
   
34 Abraham fekk sonen Isak. Sønene til Isak var Esau og Israel. 35 Sønene til Esau var Elifas, Re'uel, Je'usj, Jalam og Korah. 36 Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefi, Gatam, Kenas, Timna og Amalek. 37 Sønene til Re'uel var Nahat, Serah, Sjamma og Missa. 38 Sønene til Se'ir var Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, Disjon, Eser og Disjan. 39 Sønene til Lotan var Hori og Homam, og Lotan hadde ei syster som heitte Timna. 40 Sønene til Sjobal var Aljan, Manahat, Ebal, Sjefi og Onam. Sønene til Sibon var Ajja og Ana. 41 Son til Ana var Disjon, og sønene til Disjon var Hamran, Esjban, Jitran og Keran. 42 Sønene til Eser var Bilhan, Saavan og Jaakan. Sønene til Disjan var Us og Aran.
Kongar og hovdingar i Edom
43 Dette er dei kongane som rådde i landet Edom før det var nokon konge som rådde over israelittane: Bela, son til Beor; byen hans heitte Dinhaba. 44 Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han. 45 Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman-landet konge etter han. 46 Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på slettelandet i Moab. Byen hans heitte Avit. 47 Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han. 48 Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot attmed Eufrat konge etter han. 49 Då Saul døydde, vart Baal-Hanan, son til Akbor, konge etter han. 50 Då Baal-Hanan døydde, vart Hadad konge etter han. Byen hans heitte Pa'i, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab.
   
51 Då Hadad var død, rådde desse stammehovdingane i Edom: hovdingane i Timna, Alja, Jetet, 52 Oholibama, Ela, Pinon, 53 Kenas, Teman, Mibsar, 54 Magdiel og Iram. Dette var stammehovdingane i Edom.
1 Krøn 1,1 viser til Note: Store delar av teksten i 1–2 Krøn fell saman med teksten i 1–2 Sam og 1–2 Kong.
Note: Difat: 1 Mos 10,3 har Rifat.
1 Krøn 1,17 viser til 1 Mos 10,22-29
Note: Mesjek: 1 Mos 10,23 har Masj.
Note: Peleg: På hebr. er det eit ordspel mellom namnet Peleg og det ordet som er omsett «delt opp».
1 Krøn 1,24 viser til 1 Mos 11,10-26
Note: Sem: Namna som følgjer, er etterkomarar av Sem.
Note: Pa'i: 1 Mos 36,39 har Pa'u.
Neste kapittel

11. mai 2021

Dagens Bibelord

Johannes 17,1–5

Les i nettbibelen

1Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:«Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. ... Vis hele teksten

1Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:«Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. 2For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.