Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

< Forrige kapittelNeste kapittel >
13Så drog Abram opp frå Egypt til Negev med kona si og alt det han eigde. Og Lot var med han.  2 Abram var svært rik på buskap og på sølv og gull.
Abram og Lot
 3 Han drog frå stad til stad, frå Negev og heilt til Betel, til den staden der han før hadde hatt teltet sitt, mellom Betel og Ai,  4 til staden der han hadde reist eit altar første gongen. Der kalla Abram på Herrens namn.
   
 5 Også Lot, som drog saman med Abram, hadde småfe og storfe og telt.  6 Men landet kunne ikkje fø dei når dei budde saman. For dei eigde så mykje at dei ikkje kunne bu saman.  7 Så vart det strid mellom dei som gjette buskapen til Abram, og dei som gjette buskapen til Lot. Den gongen budde kanaanearane og perisittane i landet.  8 Då sa Abram til Lot: «Det kan då ikkje vera strid mellom meg og deg og mellom mine gjetarar og dine! Vi er då slektningar.  9 Ligg ikkje heile landet ope framfor deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, dreg eg til høgre, og tek du til høgre, dreg eg til venstre.»
   
10 Lot lyfte auga og såg at heile Jordan-sletta var rik på vatn. Heilt til Soar var ho som Herrens hage, som landet Egypt. Dette var før Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde. 11 Så valde Lot seg heile Jordan-sletta og tok ut mot aust. Slik skildest dei frå kvarandre. 12 Abram busette seg i landet Kanaan, medan Lot busette seg i byane på sletta og flytte med telta sine heilt til Sodoma. 13 Menneska i Sodoma var vonde og synda grovt mot Herren.
   
14 Herren sa til Abram etter at Lot hadde skilt lag med han: «Lyft auga og sjå deg omkring frå den staden der du står, mot nord og sør, mot aust og vest! 15 For heile det landet du ser, vil eg gje deg og di ætt for alltid. 16 Eg lèt ætta di bli som støvet på jorda. Kan nokon telja støvet på jorda, skal di ætt òg kunna teljast. 17 Stå opp og dra gjennom landet på langs og på tvers! For det er deg eg vil gje det til.» 18 Sidan flytte Abram omkring med telta sine. Han kom til Mamres eikelund ved Hebron. Der slo han seg ned og bygde eit altar for Herren.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.