Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

Kapittel 17
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Pakta og paktteiknet
17Då Abram var 99 år gammal, synte Herren seg for han og sa:
          «Eg er Gud, Den veldige.
          Lev for mitt andlet,
          ver heil i di ferd!
          
   
 2 Eg vil gjera ei pakt
          mellom meg og deg
          og gjera deg umåteleg stor.»
 3 Då kasta Abram seg ned med andletet mot jorda, og Gud sa til han:
          
   
 4 «Sjå, dette er mi pakt med deg:
          Du skal bli far til ei mengd folkeslag.
          
   
 5 Du skal ikkje lenger heita Abram,
          men Abraham skal namnet ditt vera;
          for eg gjer deg til far for mange folkeslag.
 6 Eg vil gjera deg svært fruktbar, ja, gjera deg til mange folkeslag. Kongar skal gå ut frå deg.  7 Eg vil oppretta mi pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine frå slekt til slekt, ei evig pakt: Eg vil vera Gud for deg og etterkomarane dine.  8 Landet du bur i som innflyttar, heile Kanaan, vil eg gje deg og etterkomarane dine i eige til evig tid. Og eg vil vera deira Gud.»
   
 9 Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå slekt til slekt. 10 Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alt av hannkjønn hos dykk skal omskjerast. 11 De skal la forhuda bli omskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk. 12 Kvart gutebarn hos dykk skal omskjerast når det er åtte dagar gammalt, i slekt etter slekt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hos framande, slike som ikkje er av di ætt. 13 Både dei som er fødde i huset, og dei du har kjøpt for pengar, skal omskjerast. Såleis skal pakta mi vera ei evig pakt på kroppen dykkar. 14 Men ein uomskoren, ein av hannkjønn som ikkje har fått forhuda omskoren, ein slik skal støytast ut frå folket sitt, for han har brote mi pakt.»
   
15 Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai. Sara skal ho heita. 16 Eg vil velsigna henne og gje deg ein son også med henne. Eg vil velsigna henne, og ho skal bli til folkeslag. Kongar over mange folk skal koma frå henne.»
   
17 Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Han sa til seg sjølv: «Kan ein som er hundre år gammal, få barn? Og kan Sara føda, ho som er nitti år gammal?» 18 Og Abraham sa til Gud: «Måtte Ismael få leva for ditt andlet!» 19 Då sa Gud: «Sanneleg, Sara, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil oppretta mi pakt med han, ei evig pakt for etterkomarane hans. 20 Eg har høyrt di bøn for Ismael. Sjå, eg vil velsigna han og gjera han fruktbar og overmåte talrik. Tolv hovdingar skal han bli far til, og eg vil gjera han til eit stort folkeslag. 21 Men pakta mi vil eg oppretta med Isak, som Sara skal føda deg neste år på denne tida.» 22 Så var Gud ferdig med å tala med han, og han steig opp frå Abraham.
   
23 Same dagen tok Abraham Ismael, son sin, og alle av hannkjønn i huset sitt, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte for pengar, og skar av forhuda på dei, slik som Gud hadde sagt til han. 24 Abraham var 99 år gammal då forhuda hans vart omskoren. 25 Og Ismael, son hans, var 13 år gammal då han vart omskoren. 26 Same dagen vart dei omskorne, både Abraham og Ismael, son hans. 27 Og alle mennene i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte hos framande, vart omskorne saman med han.
Note : Gud, Den veldige: hebr. El sjaddai. Gammalt hebr. gudsnamn med usikker tyding. Ifølgje 2 Mos 6,3 vart dette gudsnamnet nytta før namnet JHWH, Herren, vart openberra for Moses, jf. 2 Mos 3,14. =Guds namn.
1 Mos 17,5 viser til Neh 9,7, Jes 51,2, Rom 4,17
Note : Abram, Abraham: Den nye pakta med Gud blir markert med eit nytt namn. Begge namna tyder truleg «Far er opphøgd». Men Abraham blir her sett i samband med eit hebr. ord som tyder «mengd».
Note : Sarai, Sara: Den nye namneforma tyder «fyrstinne», og at ho som får dette namnet, skal bli mor til kongar, jf. v. 16.
1 Mos 17,17 viser til 1 Mos 18,12, Luk 1,18, Rom 4,19
Note : lo: Det er eit ordspel på hebr. mellom namnet Isak og ordet for «å le». Jf. v. 19.
Forrige kapittelNeste kapittel

05. mars 2021

Dagens Bibelord

Apostelgjerningane 1,12–14

Les i nettbibelen

12Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna. ... Vis hele teksten

12Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna. 13Inne i byen gjekk dei opp på den salen der dei brukte å halda til. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob. 14Alle desse heldt trufast saman i bøn, i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.