Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Herren gjestar Abraham
18Herren synte seg for Abraham i eikelunden i Mamre ein gong han sat i teltopninga då dagen var på det varmaste.  2 Han såg opp og fekk auge på tre menn som stod framfor han. Då han såg dei, sprang han til møtes med dei frå teltopninga, bøygde seg til jorda  3 og sa: «Herre, dersom eg har funne nåde for auga dine, så gå ikkje forbi tenaren din!  4 Lat meg henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet!  5 Og lat meg henta litt mat, så de kan styrkja dykk før de dreg vidare, sidan de no har lagt vegen forbi tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!»
   
 6 Då skunda Abraham seg inn i teltet til Sara og sa: «Skund deg og kna tre sea fint mjøl og bak brødleivar!»  7 Sjølv sprang han bort til storfeet og henta ein fin og god kalv. Den gav han til tenesteguten, som skunda seg og laga han til.  8 Så tok han rømme og mjølk og den kalven som guten hadde gjort i stand, og sette det fram for dei. Og han vart ståande hos dei under treet medan dei åt.
   
 9 Då sa dei til han: «Kvar er Sara, kona di?» Abraham svara: «Der inne i teltet.» 10 Han sa: «Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara, kona di, ha ein son.» Sara høyrde det i teltopninga, som var rett bak han. 11 Abraham og Sara var gamle, langt oppi åra, og Sara hadde det ikkje lenger på kvinners vis. 12 Difor lo Sara med seg sjølv: «Skulle eg kjenna lyst, utsliten som eg er? Og herren min er òg gammal.» 13 Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og seier: Skulle eg verkeleg kunna føda, gammal som eg er? 14 Er noko umogleg for Herren? Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.» 15 Sara nekta: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»
Abraham bed for Sodoma og Gomorra
16 Mennene braut opp og vende blikket mot Sodoma. Abraham gjekk med for å sjå dei vel av stad. 17 Då tenkte Herren: «Skulle eg løyna for Abraham det eg vil gjera? 18 Abraham skal då bli til eit stort og mektig folk, og i han skal alle folkeslag på jorda velsignast. 19 Eg har valt han ut for at han skal by sønene og etterkomarane sine å halda seg til Herrens veg og gjera det som er rett og rettferdig. Då kan Herren gje Abraham det han har lova han.» 20 Og Herren sa: «Høgt er klageropet over Sodoma og Gomorra, for synda der er svært stor. 21 Klageropet har nådd meg. No vil eg stiga ned og sjå om dei verkeleg har handla så ille, og har dei ikkje det, vil eg vita det.»
   
22 Så gjekk mennene derifrå, dei tok vegen mot Sodoma. Men Abraham vart ståande framfor Herrens andlet. 23 Abraham gjekk nærare og sa: «Vil du verkeleg riva bort dei rettferdige saman med dei urettferdige? 24 Kva om det finst femti rettferdige i byen? Vil du likevel riva dei bort? Vil du ikkje bera over med staden på grunn av dei femti rettferdige som bur der? 25 Det liknar ikkje deg å gjera noko slikt, å la rettferdige døy saman med urettferdige! Skal det gå den rettferdige på same måten som den urettferdige? Det liknar ikkje deg! Skulle ikkje dommaren over heile jorda gjera det som rett er?» 26 Då sa Herren: «Finn eg femti rettferdige i Sodoma, skal eg bera over med heile staden for deira skuld.»
   
27 Til det svara Abraham: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren, eg som er støv og oske. 28 Kva om det manglar fem på dei femti rettferdige? Vil du øydeleggja heile byen på grunn av desse fem?» Han svara: «Dersom eg finn førtifem, skal eg ikkje øydeleggja han.» 29 Abraham heldt fram med å tala til han. «Kva om det finst førti der?» sa han. Han svara: «For skuld dei førti skal eg ikkje gjera det.» 30 Då sa Abraham: «Herren må ikkje bli harm om eg talar! Kva om det finst tretti der?» Han svara: «Dersom eg finn tretti, skal eg ikkje gjera det.» 31 Abraham sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren. Kva om det finst tjue der?» Han svara: «For skuld dei tjue skal eg ikkje øydeleggja han.» 32 Då sa Abraham: «Herre, bli ikkje harm om eg talar ein einaste gong til! Kva om det finst ti der?» Han svara: «For skuld dei ti skal eg ikkje øydeleggja han.» 33 Då Herren var ferdig med å tala til Abraham, gjekk han. Og Abraham gjekk heim att.
Note: tre sea: ca. 36 l.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. oktober 2021

Dagens Bibelord

3. Mosebok 19,32–37

Les i nettbibelen

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. ... Vis hele teksten

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. 34Innflytteren som bor hos dere, skal være som en av deres egne landsmenn. Du skal elske ham som deg selv. For dere har selv vært innflyttere i Egypt. Jeg er Herren deres Gud. 35Dere skal ikke gjøre urett mot noen når dere dømmer, når dere bruker lengdemål, vekt eller hulmål. 36Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal dere bruke. Jeg er Herren deres Gud, som førte dere ut av Egypt. 37Dere skal holde alle mine forskrifter og lover og leve etter dem! Jeg er Herren.