Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

< Forrige kapittelNeste kapittel >
30Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho avundsjuk på syster si og sa til Jakob: «Lat meg få born! Elles døyr eg.»  2 Då vart Jakob harm på Rakel og sa: «Er eg i Guds stad? Det er han som har nekta deg born.»  3 Då sa ho: «Der er Bilha, trælkvinna mi. Gå inn til henne! Ho kan føda på knea mine og hjelpa meg òg til born.»  4 Så gav ho han Bilha, trælkvinna si, til kone, og Jakob låg med henne.  5 Bilha vart med barn og fekk ein son med Jakob.  6 Då sa Rakel: «Gud har hjelpt meg til retten min. Han har høyrt bøna mi og gjeve meg ein son!» Så kalla ho han Dan.  7 Sidan vart Bilha, trælkvinna åt Rakel, med barn att og fekk ein son til med Jakob.  8 Då sa Rakel: «Overmenneskelege stridar har eg stridt med syster mi, og eg har vunne.» Så kalla ho han Naftali.
   
 9 Då Lea såg at ho ikkje fekk fleire born, tok ho Silpa, trælkvinna si, og gav Jakob til kone. 10 Og Silpa, trælkvinna åt Lea, fekk ein son med Jakob. 11 Då sa Lea: «For ei lukke!» Så kalla ho han Gad. 12 Sidan fekk Silpa, trælkvinna åt Lea, ein son til med Jakob. 13 Då sa Lea: «Å sæle meg! For alle kvinner kjem til å prisa meg sæl.» Så kalla ho han Asjer.
   
14 Ein dag i kveiteskurden gjekk Ruben ut på marka. Der fann han alruner, og han tok dei med heim til Lea, mor si. Då sa Rakel til Lea: «Gjev meg nokre av alrunene åt son din!» 15 Lea svara: «Er det ikkje nok at du har teke mannen min? Vil du ta alrunene åt son min òg?» Då sa Rakel: «Får eg alrunene, kan Jakob liggja med deg i natt.» 16 Då Jakob kom heim frå marka om kvelden, gjekk Lea til møtes med han og sa: «Det er meg du skal koma til; eg har kjøpt deg for dei alrunene som son min fann.» Så låg han med henne den natta. 17 Og Gud høyrde bøna hennar Lea. Ho vart med barn og fekk den femte sonen med Jakob. 18 Då sa Lea: «Gud har gjeve meg løn, fordi eg lét mannen min få trælkvinna mi.» Så kalla ho han Jissakar. 19 Sidan vart Lea med barn att og fekk den sjette sonen med Jakob. 20 Då sa Lea: «Gud har gjeve meg ei god gåve. No kjem mannen min til å halda seg til meg, fordi han har fått seks søner med meg.» Så kalla ho han Sebulon. 21 Sidan fekk ho ei dotter og kalla henne Dina.
   
22 Då kom Gud Rakel i hug. Han høyrde bønene hennar og opna morslivet hennar, 23 så ho vart med barn og fekk ein son. Då sa ho: «Gud har teke bort vanæra mi.» 24 Og ho kalla han Josef; for ho sa: «Gjev Herren ville la meg få ein son til!»
   

Korleis Jakob vart rik
25 Då Rakel hadde fått Josef, sa Jakob til Laban: «Lat meg fara, så eg kan koma heim til mitt eige land! 26 Gjev meg konene og borna mine, som eg har tent for, så eg kan fara! For du veit sjølv korleis eg har tent deg.» 27 Då sa Laban: «Hadde du berre godvilje for meg! Eg har fått eit varsel om at det er for di skuld Herren har velsigna meg. 28 Sei kva du vil ha i løn,» sa han, «så skal eg gje deg det!» 29 Jakob svara: «Du veit sjølv korleis eg har tent deg, og kva buskapen din har vorte til medan eg har stelt han. 30 For det var lite du hadde før eg kom, men no har det auka til ei stor mengd. Herren har velsigna deg for kvart steg eg tok. Men når skal eg få syta for mitt eige hus?» 31 Då sa Laban: «Kva skal eg gje deg?» Jakob svara: «Du skal ikkje gje meg nokon ting. Men vil du gjera som eg seier, skal eg halda fram med å gjæta småfeet ditt og sjå etter det. 32 I dag skal eg gå gjennom heile buskapen din og skilja ut alle flekkete og spreklete dyr, alle dei svarte sauene og dei flekkete og spreklete geitene. Det skal vera løna mi. 33 Ærlegdomen min skal vitna for meg når du sidan kjem og ser over løna mi. Finst det hjå meg ei geit som ikkje er flekket eller spreklet, og ein sau som ikkje er svart, så er dei stolne.» 34 Då svara Laban: «Godt, lat det vera som du seier!» 35 Men same dagen skilde han ut dei bukkane som var stripete og spreklete, og alle geitene som var flekkete og spreklete, alle som det var noko kvitt på, og alle dei svarte sauene. Og han lét sønene sine ta vare på dei. 36 Så heldt Laban seg tre dagsreiser frå Jakob, medan Jakob gjætte resten av småfeet hans.
   
37 No fann Jakob seg friske stavar av kvitpoppel, mandeltre og platan og flekte borken av dei i striper, så den kvite veden kom til synes. 38 Så sette han stavane som han hadde flekt borken av, opp i vasstrørne, i rennene, der småfeet kom og drakk – beint framfor dyra; for dei para seg når dei kom og drakk. 39 No para småfeet seg attmed stavane og fekk stripete, flekkete og spreklete ungar. 40 Jakob skilde lamma ifrå, og han lét småfeet venda hovudet mot dei stripete og svarte dyra i buskapen åt Laban. Såleis fekk han seg eigne flokkar, som han ikkje sleppte saman med småfeet åt Laban. 41 Kvar gong det var sterke dyr som para seg, sette Jakob stavar i rennene, midt for augo på dei, så dei skulle para seg attmed stavane. 42 Men var det veike dyr, sette han ikkje stavane der. På den måten fekk Laban dei veike dyra, men Jakob fekk dei sterke. 43 Difor vart mannen svært rik. Han fekk ei mengd med småfe, trælkvinner og trælar, kamelar og esel.
   
< Forrige kapittelNeste kapittel >

10. august 2022

Dagens bibelord

1. Peter 3,8–17

Les i nettbibelen

8Til slutt et ord til dere alle: Ha samme sinn, vis medfølelse og søskenkjærlighet, hjertelag og ydmykhet. 9Gjengjeld ikke ondt med ondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for dere er kalt til å arve velsignelse. ... Vis hele teksten

8Til slutt et ord til dere alle: Ha samme sinn, vis medfølelse og søskenkjærlighet, hjertelag og ydmykhet. 9Gjengjeld ikke ondt med ondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for dere er kalt til å arve velsignelse. 10Den som vil elske livet og se gode dager, må holde tungen borte fra det som er ondt, og leppene borte fra svikefull tale. 11Han må vende seg bort fra det onde og gjøre det gode, søke fred og jage etter den. 12For Herrens øyne følger de rettferdige, og hans øre lytter til deres bønn. Men Herrens ansikt er vendt mot dem som gjør det onde. 13Hvem kan gjøre dere noe ondt hvis dere brenner for det gode? 14Men salige er dere om dere lider for rettferdighets skyld. Vær ikke redde for dem, og la dere ikke skremme, 15men hold Kristus hellig som Herre i hjertet! Vær alltid klare til forsvar når noen krever dere til regnskap for det håp dere eier. 16Men gjør det ydmykt og med gudsfrykt, så dere kan ha en god samvittighet. Da vil de som baktaler dere for deres gode livsførsel i Kristus, bli gjort til skamme med sine beskyldninger. 17Det er bedre å lide, om Gud så vil, når en gjør det gode, enn når en gjør det onde.