Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Peters første brev

1 2 3 4 5

Forrige kapittelNeste kapittel

Ord til ektefolk
3På same måten skal de kvinner vera mennene dykkar underordna. Slik kan dei mennene som ikkje vil tru på Ordet, bli vunne – ikkje med ord, men med det livet kona lever,  2 når dei ser dykkar reine ferd i gudsfrykt.  3 Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd,  4 men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.  5 For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var underordna mennene sine,  6 liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og de har vorte hennar døtrer når de gjer det gode og ikkje lèt noko skremma dykk.
   
 7 Like eins de menn: Vis omtanke i samlivet med kvinna, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje blir hindra.
Å lida for rettferd skuld
 8 Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samstemde, vis medkjensle og syskenkjærleik, ver miskunnsame og audmjuke.  9 Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning.
          
   
10  Den som vil elska livet
           og sjå gode dagar,
           må halda tunga frå det som er vondt,
           og leppene borte frå svikefull tale.
          
   
11  Han må venda seg bort frå det vonde
           og gjera det gode,
           søkja fred og jaga etter fred.
          
   
12  For Herrens auge følgjer dei rettferdige,
           og hans øyre høyrer deira bøn.
           Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.
13 Og kven kan gjera dykk vondt når de brenn for det gode? 14 Men om de lid for rettferd skuld, då er de sæle. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skremma, 15  men hald Kristus heilag som Herre i hjartet! Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig. 16 Men gjer det audmjukt og med gudsfrykt, så de kan ha eit godt samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar gode livsferd i Kristus, bli til skamme med skuldingane sine. 17 For det er betre å lida, om Gud så vil, når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt.
Dåpen og det nye livet
    18 For Kristus sjølv leid for synder,
          éin gong for alle,
          den rettferdige for urettferdige,
          for å føra dykk fram til Gud.
          Med kroppen døydde han,
          men ved Anden vart han gjord levande,
          
   
19 og slik gjekk han bort og forkynte
          for åndene som var i fangenskap.
20 Dei hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud venta tolmodig medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn. 21 Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg. Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, og englar og makter og krefter er lagde under han.
1 Pet 3,1 viser til Ef 5,22+
1 Pet 3,8 viser til Rom 12,14ff
1 Pet 3,9 viser til Matt 5,39+, 1 Tess 5,15
Note: Nei, velsign … velsigning: kan òg omsetjast «Nei, velsign heller, for til det er de kalla, slik at de kan arva velsigning».
1 Pet 3,20 viser til 2 Pet 3,9
Note: åtte i talet: Noah og familien hans. Jf. 1 Mos 7,13.
1 Pet 3,21 viser til Tit 3,5+, Hebr 10,22
Note: ei bøn til Gud om eit godt samvit: kan òg omsetjast «ein lovnad til Gud frå eit godt samvit» eller «eit godt samvits bøn til Gud».
Forrige kapittelNeste kapittel

21. oktober 2021

Dagens Bibelord

3. Mosebok 19,32–37

Les i nettbibelen

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. ... Vis hele teksten

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. 34Innflytteren som bor hos dere, skal være som en av deres egne landsmenn. Du skal elske ham som deg selv. For dere har selv vært innflyttere i Egypt. Jeg er Herren deres Gud. 35Dere skal ikke gjøre urett mot noen når dere dømmer, når dere bruker lengdemål, vekt eller hulmål. 36Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal dere bruke. Jeg er Herren deres Gud, som førte dere ut av Egypt. 37Dere skal holde alle mine forskrifter og lover og leve etter dem! Jeg er Herren.