Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.
Se overblikksfilm

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

Neste kapittel >

Lovnaden om Den heilage ande
1I den første boka mi, gode Teofilos, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, frå han begynte  2 og heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen. Då hadde han ved Den heilage ande gjeve sine påbod til dei apostlane han hadde valt ut.  3 Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til.  4 Ein gong han åt saman med dei, gav han dei dette påbodet: «De skal ikkje dra bort frå Jerusalem, men venta på det som Far har lova, det som de har høyrt av meg.  5 For Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande om nokre få dagar.»
Jesus blir teken opp til himmelen
 6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?»  7 Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt.  8 Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»
   
 9 Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. 10 Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei 11 og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»
   
12 Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna. 13 Inne i byen gjekk dei opp på den salen der dei brukte å halda til. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob. 14 Alle desse heldt trufast saman i bøn, i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.
Ein ny apostel
15 Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom syskena. Det var samla om lag hundre og tjue menneske. 16 «Mine sysken», sa han, «det måtte oppfyllast, det skriftordet som Den heilage ande lét David seia om Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus. 17 Han var rekna mellom oss og hadde del i same teneste og oppdrag. 18 For den løna han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han fall hovudstups så buken rivna og alle innvolane valt ut. 19 Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og på sitt eige mål kallar dei difor åkeren Hakeldama – det tyder Blodåkeren. 20 For det står skrive i Salmane: Lat bustaden hans liggja i øyde, lat ingen bu der, og: Lat ein annan overta hans oppdrag! 21 Nokre menn var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut blant oss, 22 heilt frå byrjinga, då han vart døypt av Johannes, og til den dagen han vart teken frå oss opp til himmelen. No må ein av desse saman med oss vera vitne om at han er stått opp.»
   
23 To menn vart kalla fram: Josef, som vart kalla Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias. 24 Og dei bad: «Herre, du som kjenner alle hjarte, vis oss kven av desse to du har valt ut 25 til å ta plassen etter Judas og overta den aposteltenesta som han gjekk ifrå då han fór til sin eigen stad.» 26 Dei kasta lodd, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han rekna som apostel saman med dei elleve.
Neste kapittel >

03. oktober 2022

Dagens bibelord

Job 19,21–27

Les i nettbibelen

21Spar meg, ja, spar meg, mine venner! For Guds hånd har rørt ved meg. 22Hvorfor jager dere meg slik også Gud gjør? Blir dere aldri mette av mitt kjøtt? 23Om bare mine ord ble skrevet ned, om de ble ført inn i en bokrull, ... Vis hele teksten

21Spar meg, ja, spar meg, mine venner! For Guds hånd har rørt ved meg. 22Hvorfor jager dere meg slik også Gud gjør? Blir dere aldri mette av mitt kjøtt? 23Om bare mine ord ble skrevet ned, om de ble ført inn i en bokrull, 24formet med griffel av jern og med bly, risset i stein for alltid! 25Jeg vet at min gjenløser lever. Som den siste skal han stå fram i støvet. 26Når huden er revet av meg og kjøttet er borte, skal jeg se Gud. 27Mine øyne ser, det er jeg som får se ham, ikke en fremmed. Mitt indre fortæres av lengsel!