Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Jeremia

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52

Forrige kapittelNeste kapittel
31På den tid, seier Herren, skal eg vera Gud for alle slektene i Israel, og dei skal vera mitt folk.
          
   
 2 Så seier Herren:
          Det folket som slapp unna sverdet,
          har funne nåde i ørkenen.
          Israel skal dra av stad og finna ro.

Endå ein gong vil eg byggja deg
 3 Frå det fjerne synte Herren seg for meg:
          Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel,
          difor har eg heile tida vist deg miskunn.
          
   
 4 Endå ein gong vil eg byggja deg,
          du skal byggjast opp att.
          Endå ein gong skal du pynta deg, ta handtrommene
          og gå ut i latter og dans.
          
   
 5 Endå ein gong skal du planta vinmarker
          på fjella i Samaria,
          og dei som har planta, skal sjølve ta dei i bruk.
          
   
 6 Ja, det kjem ein dag
          då vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet:
          Kom, lat oss dra opp til Sion,
          til Herren vår Gud!
          
   
 7 Så seier Herren:
          Bryt ut i jubel og glede for Jakob,
          rop høgt for det fremste av folkeslag!
          Lat lovsong lyda, og sei:
          « Herre, frels ditt folk,
          Israels rest!»
          
   
 8 Sjå, eg fører dei tilbake frå landet i nord,
          eg samlar dei frå ytste enden av jorda.
          Mellom dei er både blinde og halte,
          gravide og fødande kvinner;
          dei vender attende i store flokkar.
          
   
 9 Dei kjem med gråt,
          eg leier dei med trøyst.
          Eg fører dei til rennande bekker,
          på jamn veg der dei ikkje snublar.
          For eg er ein far for Israel,
          og Efraim er min førstefødde son.
          
   
10 Høyr Herrens ord, de folkeslag!
          Forkynn det til fjerne kystar og sei:
          Han som spreidde Israel,
          skal samla og vakta det
          som ein gjetar vaktar sin flokk.
          
   
11 For Herren har fria Jakob ut
          og kjøpt han fri
          frå hender som er sterkare enn hans.
          
   
12 Dei skal koma og jubla på Sion-høgda,
          stråla av glede over Herrens gode gåver:
          korn og ny vin og fin olje,
          sauer og oksar.
          Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage,
          dei skal ikkje lenger lida naud.
          
   
13 Då skal jomfrua gleda seg i dansen,
          unge menn saman med dei gamle.
          Eg vender sorg til fryd for dei,
          trøystar og gleder dei som klagar.
          
   
14 Eg gjev prestane rikeleg med feitt
          og mettar mitt folk med gode gåver,
          seier Herren.
          
   
15 Så seier Herren:
          I Rama høyrest skrik,
          klagesong og bitter gråt.
          Rakel græt over borna sine
          og vil ikkje la seg trøysta.
          For borna hennar er ikkje meir.
          
   
16 Så seier Herren:
          Gråt ikkje så høgt,
          fell ikkje tårer!
          Du skal få løn for strevet, seier Herren,
          dei skal venda heim frå fiendeland.
          
   
17 Det er von for etterkomarane dine, seier Herren,
          borna skal venda heim til sitt eige land.
          
   
18 Eg har høyrt Efraim synast synd på seg sjølv:
          Du har tukta meg,
          eg vart tukta som ein utamd kalv.
          Vend meg om, så eg kan venda heim!
          For du er Herren min Gud.
          
   
19 Då eg hadde vendt meg bort,
          angra eg,
          og då eg fekk innsikt,
          slo eg meg på låret.
          Skam og vanære må eg bera
          for min ungdoms spott.
          
   
20 Er Efraim min dyrebare son,
          er han mitt kjæraste barn?
          Kvar gong eg talar imot han,
          må eg likevel tenkja på han.
          Difor skjelv mitt indre for han,
          eg må visa miskunn mot han,
          seier Herren.

Kom heim att
    21 Reis merkesteinar,
          set opp vegmerke!
          Legg nøye merke til den vegen du gjekk!
          Vend attende, jomfru Israel,
          attende til desse byane dine!
          
   
22 Kor lenge vil du snu deg hit og dit,
          du fråfalne dotter?
          No skaper Herren noko nytt i landet,
          ei kvinne skal verja ein mann.
        
23 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal Juda og byane der seia desse orda når eg vender lagnaden for dei: « Herren velsigne deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.» 24 Der skal Juda og alle byane bu saman, både bønder og gjetarar som flakkar ikring med flokken sin. 25 Eg gjev den slitne rikeleg å drikka og mettar alle som lid naud.
   
26 Då vakna eg og såg meg ikring. Søvnen hadde gjort meg godt.
        
27 Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg sår ut menneske og dyr i Israels og Judas hus. 28 Og slik eg før vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, knusa, øydeleggja og skada, slik vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, seier Herren.
          
   
29 På den tid
          skal dei ikkje lenger seia:
          Fedrane åt sure druer,
          og borna fekk dårlege tenner.
          
   
30 Men kvar skal døy for si eiga synd.
          Den som et sure druer,
          skal sjølv få dårlege tenner.

Ei ny pakt
    31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
          då eg gjer ei ny pakt
          med Israels hus og Judas hus,
          
   
32 ikkje som den pakta
          eg gjorde med fedrane deira
          den dagen eg tok dei i handa
          og førte dei ut frå Egypt;
          den pakta braut dei,
          endå eg var herren deira, seier Herren.
          
   
33 Men dette er pakta eg vil gjera
          med Israels hus i dagar som kjem,
          seier Herren:
          Eg legg mi lov i sinnet deira
          og skriv henne i hjartet deira.
          Eg skal vera deira Gud,
          og dei skal vera mitt folk.
          
   
34 Då skal ingen lenger
          undervisa sin neste og sin bror
          og seia: «Kjenn Herren!»
          For dei skal alle kjenna meg,
          både små og store, seier Herren.
          For eg vil tilgje skulda deira
          og ikkje lenger hugsa synda.
          
   
35 Så seier Herren,
          han som sette sola til å lysa om dagen
          og baud månen og stjernene å lysa om natta,
          han som rører opp havet så bølgjene drønnar,
           Herren over hærskarane er hans namn:
          
   
36 Lèt eg desse skipnadene vika,
          seier Herren,
          då skal òg Israels ætt for alltid
          halda opp med å vera eit folk for mitt andlet.
          
   
37 Så seier Herren:
          Om himmelen der oppe kan målast
          og grunnvollane på jorda der nede granskast,
          då vil eg òg støyta frå meg
          heile Israels ætt
          for alt det dei har gjort, seier Herren.
        
38 Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då byen skal byggjast opp att for Herren, frå Hananel-tårnet til Hjørneporten. 39 Målesnora skal gå vidare beint fram til Gareb-haugen og så bøya av til Goa. 40 Heile dalen med lika og den feite offeroska og alle skråningane ned til Kedron-dalen, til hjørnet ved Hesteporten mot aust, skal vera heilag for Herren. Aldri meir skal byen rivast ned eller knusast.
Jer 31,7 viser til Jes 4,3
Jer 31,15 viser til 1 Mos 37,35, Jer 40,1, Matt 2,18
Note: borna sine: Josefs etterkomarar vart bortførte frå Nordriket i 722 f.Kr.
Jer 31,19 viser til Jer 3,25, Esek 21,17
Note: slo … meg på låret: uttrykk for skam og sorg.
Note: eg sår ut … Judas hus: Folket skal auka og buskapen veksa. Jf. Hos 2,23.
Jer 31,31 viser til Hebr 8,8ff
Jer 31,38 viser til Neh 3,1, Sak 14,10
Note: Hananel-tårnet: truleg i den nordaustlege delen av Jerusalem. Jf. Sak 14,10. Hjørneporten: Jf. 2 Kong 14,13. Det er mogleg at v. 38–40 nemner portar og stader på alle kantar av byen.
Forrige kapittelNeste kapittel

14. juni 2021

Dagens Bibelord

1. Johannes 3,1–3

Les i nettbibelen

1Se hvor stor kjærlighet Far har vist oss: Vi får kalles Guds barn, ja, vi er det! Verden kjenner oss ikke, fordi den ikke kjenner ham. ... Vis hele teksten

1Se hvor stor kjærlighet Far har vist oss: Vi får kalles Guds barn, ja, vi er det! Verden kjenner oss ikke, fordi den ikke kjenner ham. 2Mine kjære! Nå er vi Guds barn, og det er ennå ikke åpenbart hva vi skal bli. Men vi vet at når han åpenbarer seg, skal vi bli lik ham, for vi skal se ham som han er. 3Enhver som har dette håp til ham, renser seg, slik Kristus er ren.