Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Vismennene hyllar Jesus
2Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem  2 og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.»  3 Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.  4 Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd.  5 «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:
          
   
 6  Du Betlehem i Juda land,
           blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
           For frå deg skal det koma ein fyrste,
           ein hyrding for mitt folk Israel.»
 7 Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg.  8 Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.»  9 Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. 10 Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. 11 Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. 12 Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.
På flukt til Egypt
13 Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» 14 Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. 15 Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
           Frå Egypt kalla eg son min.

Barnemordet i Betlehem
16 Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. 17 Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
          
   
18  I Rama høyrest skrik,
           gråt og høglydt klage:
           Rakel græt over borna sine
           og vil ikkje la seg trøysta.
           For dei er ikkje meir.

Frå Egypt til Nasaret
19 Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt 20 og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» 21 Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet. 22 Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. 23 Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.
Note: Herodes: Herodes den store var konge i Palestina under romersk herredøme 37–4 f.Kr. ▶Herodes-slekta.
Matt 2,11 viser til Sal 72,10f, Jes 60,6
Note: myrra: aromatisk saft frå myrrabusken, brukt i salve og parfyme. ▶planter. Røykjelse og myrra blir i GT ofte nemnde saman. Jf. Sal 45,9; Høgs 3,6–11.
Matt 2,22 viser til Luk 1,26, Luk 2,39
Note: Arkelaos: vart landsfyrste over Samaria, Judea og Idumea etter Herodes den store og regjerte i 4 f.Kr.–6 e.Kr. ▶Herodes-slekta.
Forrige kapittelNeste kapittel

14. juni 2021

Dagens Bibelord

1. Johannes 3,1–3

Les i nettbibelen

1Se hvor stor kjærlighet Far har vist oss: Vi får kalles Guds barn, ja, vi er det! Verden kjenner oss ikke, fordi den ikke kjenner ham. ... Vis hele teksten

1Se hvor stor kjærlighet Far har vist oss: Vi får kalles Guds barn, ja, vi er det! Verden kjenner oss ikke, fordi den ikke kjenner ham. 2Mine kjære! Nå er vi Guds barn, og det er ennå ikke åpenbart hva vi skal bli. Men vi vet at når han åpenbarer seg, skal vi bli lik ham, for vi skal se ham som han er. 3Enhver som har dette håp til ham, renser seg, slik Kristus er ren.