Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

13. mai 2021

Dagens Bibelord

Lukas 24,46–53

Les i nettbibelen

46og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, 47og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. 48De er vitne om dette. ... Vis hele teksten

46og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, 47og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. 48De er vitne om dette. 49Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de blir kledde med kraft frå det høge.» 50Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. 51Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. 52Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. 53Sidan var dei stadig i tempelet og lova og prisa Gud.