Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

12. mai 2021

Dagens Bibelord

Efesarane 1,17–23

Les i nettbibelen

17Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. 18Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage ... Vis hele teksten

17Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. 18Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage 19og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig. 20Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen, 21over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande. 22Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle.