Adventstid med Geir Gundersen - Dag 10

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Englebesøk

–27

Les i nettbibelen.

26Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria.

Høyr andakten!

God morgon!

God morgon, kjære lyttar – og god morgon, kjære englar, de som alltid er på veg frå Gud til menneske. Med god bodskap.

Ja, lat oss tale om englebesøk. Og først om det eg vil kalle Englebesøket. Med stor E og i bestemt form: då engelen med namnet Gabriel besøkte ei jødisk ungjente med namnet Maria. Vi er ikkje i eit tåkelandskap. Både engel og menneske har namn.

Ifølgje Lukasevangeliet kapittel 1 går engelen Gabriel varsamt fram: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» (v. 28). Og når ungjenta Maria støkk i redsle og stigande undring både over besøket og helsinga, seier engelen Gabriel: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud» (v. 30).

Guds englar spreier ikkje skrekk og metafysisk spetakkel. Dei er sendebod om nåde og fred; og innhylla i og gjennomtrengt av nåde og fred kjem desse vindunderlege – og for Maria framleis skræmande orda:

Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.

Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans (Luk 1,31–32).

Lat oss stanse litt der.

Slik tenkjer denne andaktshaldaren: Du har englebesøk i livet ditt. Det er alltid englar på veg til deg med nåde og fred frå far din i himmelen. Dei kviskrar til deg i ditt inste, dei talar mildt til deg gjennom alt som hender deg, gjennom alt du erfarer:

Gud har valt deg ut.

Gud har ein draum for deg, fylt av kjærleik og nåde.

Gud har ei meining med at du er her, og gjennom englebesøk vil han at denne meininga skal gå opp for deg.

Korleis skal alt dette gå til, spør mennesket Maria (jf. v. 34). Du skal få alt, svarar engelen Gabriel. For ingenting er umogleg for Gud (jf. v. 37):

Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son (Luk 1,35).

Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt» (v. 38).

Gode Gud, takk og pris for Maria og hennar ja som opna vegen for Barnet. Gi meg å svare som henne når dine englar opnar meininga med mitt liv. Gi Geir det hjartet som tek imot englebesøk og gir seg heilt over i Guds hender. Amen.

Les mer:

15Mens jeg, Daniel, så synet og prøvde å forstå det, sto det en foran meg som så ut som en mann. 16Og jeg hørte en menneskestemme rope over Ulai: «Gabriel, forklar synet for ham!» 17Så kom han bort til der jeg sto, og da han kom, ble jeg skremt og kastet meg ned med ansiktet mot jorden. Han sa til meg: «Forstå, menneske, at synet handler om endetiden.» 18Mens han snakket med meg, lå jeg bevisstløs med ansiktet mot jorden. Men han rørte ved meg, reiste meg opp så jeg sto, 19og sa:«Nå lar jeg deg få vite hva som skal skje når vredestiden er i ferd med å ta slutt, for det handler om tiden for enden.

Les i nettbibelen