Adventstid med Geir Gundersen - Dag 2

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Spenn beltet om livet

Lukas 12,35-36

Les i nettbibelen.

35Spenn beltet om livet og lat lampene brenna! 36Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå bryllaupsfest og står ferdige til å opna så snart han kjem og bankar på.

Høyr andakten!

God morgon!

Vakne opp, ver vaken, lev vakent, som ein som er budd på det som kjem. Det er adventstida sin doggfriske bodskap. Spenn beltet om livet. Lat lampene brenne, seier Jesus i dagens tekstord frå Lukasevangeliet kapittel 12.

Kan vi kalle det den kristne livshaldninga? Er adventstida ei tid for å øve seg i den kristne livshaldninga?

Sjå, han kjem. Barnet kjem. Gud er på veg til deg i helga som nærmar seg. Gud nærmar seg i Barnet som nærmar seg. Gjer deg budd. Reis deg og hald deg klar. Spenn beltet om livet og lat lampene brenne. Det er krevjande å halde seg vaken. Det motsette kjem av seg sjølv. La seg overmanne av søvnen, ta alt som er, for gitt, flyte med på tida sine bølgjer. Men å vente på noko som enno ikkje er, det krev skjerpa sansar, eit medvit som samlar seg, som arbeider.

Sjå tilbake på livet ditt. Eg har erfart at det er ein god måte å vakne på, og ei god øving for den som vil halde seg vaken.

Korleis kom Gud til deg ved korsvegane dine? Korleis rørte han ved deg i dine lukkelege augneblikk, når du lukkast med det du ville? Kva sa han til deg i prøvingane dine, når du gløymde deg, når du gjorde skade, når du trødde feil? Eller når du bestemte deg for den smale vegen til eit godt mål? Sjå tilbake på livet ditt. Korleis han kom til deg i alle ting som møtte deg, i alle menneske som møtte deg. Og levde du utan noko medvit om Gud, kan du fornemme spora av han i tilbakeblikket ditt?

Det er ei god øving å sjå tilbake på livet sitt og oppdage nye ting for kvart tilbakeblikk. Vårt hjarte blir oppvekt på den måten, dei indre sansane blir skjerpte så vi kan forstå betre kva det er som skjer no, og korleis Gud prøver å kome inn i livet mitt slik som det faldar seg ut no.

37Lukkelege er dei tenarane som herren finn vakne når han kjem! Sanneleg, eg seier dykk: Han skal binda opp kjortelen, føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei.

Vil vi verkeleg gå glipp av det? Vil vi misse det høvet til å bli oppvarta i himmelen? Late livet gå forbi og ikkje oppdage at Gud var der for å servere oss sine mettande rettar? Det må vel heite å tape sitt liv, å misse si sjel. Og kva hjelper det då om vi vinn heila verda? Vi må øve oss no. Vi må lære å leve vakent her og no. Viss vi skal oppdage Menneskesonen når han kjem den siste gongen. I den timen ingen ventar.

Les videre:

1Då kan himmelriket liknast med ti brudejenter som tok oljelampene sine og gjekk ut for å møta brudgomen. 2Fem av dei var uforstandige, og fem var kloke. 3Då dei uforstandige tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4Men dei kloke tok olje med seg i kanner saman med lampene sine. 5Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. 6Men midt på natta høyrdest eit rop: ‘Brudgomen kjem! Gå og møt han!’

Les i nettbibelen

1Ein salme av David. Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til, verda og dei som bur der, er hans. 2For han har grunnlagt jorda på havet, grunnfest henne på strøymande vatn. 3«Kven kan gå opp på Herrens fjell, kven får stå på hans heilage stad?» 4«Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarte, som ikkje lengtar etter løgn og ikkje gjer falsk eid. 5Han blir velsigna av Herren og får rettferd frå Gud, sin frelsar.» 6«Dette er ei slekt som spør etter han, som søkjer ditt andlet, Jakobs Gud.» 7«Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, kan koma inn!» 8«Kven er då kongen, den herlege?» « Herren, sterk og mektig, Herren, mektig i strid.» 9«Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, kan koma inn!» 10«Kven er han då, kongen, den herlege?» « Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.»

Les i nettbibelen