Adventstid med Geir Gundersen - Dag 3

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Det er tid for å vakne no

Les i nettbibelen.

36Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»

Høyr andakten!

God morgon!

Det er tid for å vakne no. Det er tid for å legge natta bak seg, same korleis den var, god eller dårleg, og opne seg for det som skal kome, det vi ikkje veit noko om. Det som kjem meg i møte og snart ventar på mitt svar, mi avgjerd.

Det er kanskje på tide å vakne.

Vi har kanskje sove lenge nok. Vi har kanskje sove altfor lenge. Vi har kanskje tenkt altfor mykje på det å sove godt.

Det er på tide å vakne.

Det er på tide å feire advent.

Det er på tide å kjenne etter, å vende om og låne øyre til røysta i hjartet, stille eller brusande. Kva er det eg lengtar etter? Kva seier dette suget i mi sjel? Det som, ja nettopp, vekker meg midt på natta eller held meg vaken heile den fjerde nattevakta til morgonen gryr. Det som ikkje gir meg fred.

Det er på tide å feire advent og sleppe fram den djupe lengten i hjartet. Den som ifølgje kristen tru bind truande og vantruande saman. For hugs: Trua døyver ikkje lengten. Den falske trua, den sjølvsikre trua prøver nok å gjere mennesket tilfreds i hovudet. Men hjartet vil framleis lengte. Den trua som bor i hjartet, den vidar hjartet ut – så lengten går stendig djupare, denne himmelske tråden som bind alle tider saman og går gjennom alle religionar og all fornekting av religion: lengten etter han, vårt opphav, vår kjelde, vår heim, vårt mål.

Vak og bed, seier Barnet, som skal bli Menneskesonen og gje seg sjølv til frelse for alt levande. «Ta dykk i vare», seier han i dagens ord frå Lukasevangeliet kapittel 21. «Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk som ei snare. (…) Vak kvar tid og stund» (v. 34–36).

Sæl er den som vaknar, som slepp taket i alle sine domar og fordomar, som lèt alle sine tankar om Gud fare og krev å møte han andlet til andlet: Barnet som er Guds hjarte, ei uendeleg ømheit med alt han skapte og skapar, heilt til stades for deg.

Det er tid no for å feire advent, synge saman med Maria. «Syng det på kne», seier Gertrud von Le Fort.

Syng det som barntunge kvinner synger:
For spe ble den sterke, liten den endeløse,
mild ble den veldige, ydmyk den opphøyede.
(…)
Glede vil jeg tenne ved alle dine menneskelighets grenser.
Hilset være hun som bærer Herren!

Les videre:

36Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 42Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» 43Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. 44Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 46Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

Les i nettbibelen

1Skriv til engelen for forsamlinga i Sardes:Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Det heiter om deg at du lever, men du er død. 2Vakn opp og styrk det som er att, og som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud. 3Kom difor i hug kva du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaknar, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg. 4Men du har nokre få i Sardes som ikkje har skitna til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det. 5Den som sigrar, skal bli kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut av livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans. 6Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Les i nettbibelen