Adventstid med Geir Gundersen - Dag 4

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Sjå, han kjem

Les i nettbibelen.

17Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tørstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som gåve.

Høyr andakten!

God morgon!

Det er to dagar sidan andre søndag i advent. Ingen søndag i kyrkjeåret har hatt eit slikt grep om hjartet mitt som den. Heilt frå eg var barn, kjende eg ei særleg glede når eg tenkte på at Jesus ein gong skulle kome att og ordne opp i alle ting. I benken på mitt sunnmørske bedehus la eg heile mi sjel og alle mine barnlege lengsler i songen om å lytte etter hans steg.

No er eg ein vaksen mann. No veit eg at denne lengten er meir enn ei barndomskjensle fødd i bedehusvarmen. No veit eg at denne songen kjem frå det djupet av hjartet der eg blir eitt med alt levande.

Kom, Herre Jesus! Kom snart, og dryg ikkje! No veit eg at dette ropet er lagt ned i oss. At det er Anden, Den heilage ande, som ropar i oss. Eg opnar kropp og sjel og ånd og sinn og sansar for denne tørsten som trenger gjennom alt verande. Eg høyrer orda frå munnen til Barnet som no sit ved Faderens høgre hand: Ja, eg kjem snart! Og eg stemmer i: «Amen. Kom, Herre Jesus!» (Op 22,20).

Eg ber ikkje på vegner av ei lita, isolert sjel.

Eg er eitt med alle bortkomne døtrer og søner til alle tider.

Med dei liv som aldri vart fødde.

Med dei som aldri fekk falde ut sitt livs meining.

Med dei som kom i klemme, som vart fanga i uløyselege indre og ytre konfliktar.

Med alle verkelege offer for verkeleg vondskap.

Med dei som blir trakka på og trakka ned.

Med psykiatriske pasientar som aldri vart lytta til.

Med dei som får sitt indre rom trengt og innsnevra og invadert av destruktive krefter, strukturar og menneske.

Herre, eg trur på deg. Eg trur at du er Alfa og Omega. Eg har lært deg å kjenne som mitt Alfa og Omega. Visst elskar eg livet, og denne verda er den einaste eg er fortruleg med. Men no ber eg deg: Forbarm deg over oss. Kom snart. Dryg ikkje. Fullfør det du har byrja.

Les videre:

7Sjå, han kjem med skyene, og kvart auge skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folkeslag på jorda skal bryta ut i klagerop over han.Ja, amen! 8Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud, han som er og som var og som kjem, Den allmektige.

Les i nettbibelen

13Eg såg i mine nattsyn, og sjå! – med himmelskyene kom det ein som var lik ein menneskeson. Han gjekk bort mot den gamle av dagar og vart ført fram for han. 14Han fekk herskarmakt, ære og rike så alle folk og nasjonar og tungemål skal tena han. Hans herskarmakt er ei evig makt som ikkje skal forgå. Hans rike går aldri til grunne.

Les i nettbibelen