Adventstid med Geir Gundersen - Dag 5

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Tida er nær

Les i nettbibelen.

15og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!»

Høyr andakten!

God morgon!

Det er 50 år sidan no. Eg, gutungen Geir, sat på dei nokså harde benkane på det nokså nøkterne Skodje bedehus – og lét adventssongen framfor alle bruse gjennom meg:

Se, han kommer! Jesus kommer!
Fikentreet står i blommer.
Vår forløsningstime kommer. Jeg vil
lytte etter lyden av hans trinn.

Eg elska den songen. Den hadde lys og luft og var lett å synge. Men endå eg var eit barn, det var innhaldet som lyfte meg, biletet av han som ein gong skal kome att og rydde opp i det jordiske uføre:

Se, han kommer, han som alle tiders
floker løse kan, fredens morgen uten
skyer bryter inn! Ja, han kommer, å
min sjel og setter alle ting i stand.
Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.

Slik vart den andre adventssøndagen min favoritt og er det enno. Medan vi ventar på Barnet, syng vi om det Barnet skal bli: oppfyllinga av den djupaste lengten i tilveret, hos alle menneske til alle tider, den som syng i heile skapningen, særleg heftig der mørkret rår: lengten etter ein ny himmel og ein ny jord der rettferd bor. Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.

Det må seiast klart. Denne vona er ut over all synleg verkelegdom. Ho er ikkje ei forlenging av alminneleg optimisme. Vi veit for mykje om det vonde til å lite på framsteget. Vi må bokstaveleg tala sette vår lit til Gud, han som har elska jord og himmel fram og som pinest over alle tårer som uskuldige menneske gret.

Det er den kristne kyrkja og alle truande si største oppgåve: å halde denne vona oppe, å ikkje la seg dra ned av vondskapens mange sigrar, forkynne vona mot alle odds, la seg fylle av den heilt ned til botn og leve den ut i det eg vil kalle den kristne levemåten. Den som i smått og stort gjer klart at det aldri er for seint.

I dagens tekst samlar evangelisten Markus heile Jesu liv i to vers i kapittel 1:

Markus 1,14-15

Les i nettbibelen.

14Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium 15og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!»

Det er ikkje store fakter som skal til for å ta Gud på alvor. Det held å vere eit lengtande menneske som vender hjartet sitt mot han.

Les videre:

18Eg meiner at det vi må lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vår. 19Det skapte lengtar inderleg etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20For det skapte vart lagt under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det slik. Likevel var det håp, 21for òg skapningen sjølv skal bli frigjord frå slaveriet under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22Vi veit at heilt til denne dag sukkar og stønnar heile skapningen saman, som i fødselsrier. 23Ja, endå meir: Også vi som har fått Anden, den første frukta av hausten som kjem, sukkar med oss sjølve og lengtar etter å bli Guds born heilt og fullt når kroppen vår blir sett fri. 24For i håpet er vi frelste. Men eit håp som vi alt ser oppfylt, er ikkje noko håp. Korleis kan nokon håpa på det dei alt ser? 25Men håpar vi på noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord. 27Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage. 28Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29Dei han på førehand vedkjende seg, har han òg på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den førstefødde mellom mange sysken. 30Og dei han på førehand har bestemt til dette, har han òg kalla. Og dei han kalla, har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, har han òg herleggjort. 31Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han? 33Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd? 36Som det står skrive: For di skuld blir vi drepne dagen lang, vi blir rekna som slaktesauer. 37Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Les i nettbibelen

1Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. 2Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. 3Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud. 4Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.» 5Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»

Les i nettbibelen