Adventstid med Geir Gundersen - Dag 6

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Gleda er nær

Les i nettbibelen.

10Herren viser sin heilage arm for auga på alle folkeslag. Heile jorda får sjå frelsa frå vår Gud.

Høyr andakten!

God morgon!

Den danske diktaren Svein Åge Madsen har på karakteristisk klart vis slått fast at visst er dei kristne dårlegare folk enn andre. Dei må jo ha ein lovnad om evig liv for å oppføre seg som ordentlege folk!

Lite har han forstått av kristendomen, kan vi seie. Men kan vi vedgå at han treff den frelsesegoismen som òg kan finnast mellom dei truande?

Det er godt å øve seg i å bryte med egoismen, også i varianten frelsesegoisme.

Ta med deg verda når du søkjer Gud i bøn. Ta med deg dei som ikkje trur, og tal gjerne deira sak. Øv deg i å sørge og lengte og be på vegner av heile menneskeslekta du tilhøyrer.

Adventstida er ei god tid for åndelege øvingar, for å vide ut sinnet og sprenge ego-grensene.

I dag vidar vi oss i Jesu namn ut mot gleda som er på veg. I dag tek vi bustad på jorda slik den er, i menneskeverda slik den er. I dag gjer eg meg til eitt med den falne menneskeslekta, saman med dei som eg likar og dei som eg mislikar. Frå denne staden, som verkeleg er min, opnar eg meg for gleda i teksten frå Jesaja kapittel 52:

7Kor vakre dei er der dei spring over fjella, føtene til den som ber bod, forkynner fred, kjem med god bodskap, forkynner frelse og seier til Sion: «Din Gud er konge!»

Han øver seg på utviding av sinnet, songaren òg. Hjartet renn over av glede over at Herren vil trøysta folket sitt og leie det ut av fangenskapet i Babel til Jerusalems tempel.

Og gleda veks medan hjartet vidar seg ut. Han smaker og kjenner at bodskapen om frelse ikkje er for nokre få. Nei:

10Herren viser sin heilage arm for auga på alle folkeslag. Heile jorda får sjå frelsa frå vår Gud.

Ja, gode Far, det er godt å trø ut av mitt eige vesle hus og finne min heim mellom alt levande som lengtar og ventar og ber om ei stor forandring. Eg, Geir Gundersen, frydar meg over å vere bodberar for ei glede som – slik juleevangeliet seier – skal timast alt folket.

Og sidan eg har vore dårleg til beins sidan barneåra, frydar eg meg ekstra over å få likne på han som kjem springande over fjellet – hoppande glad!

Les videre:

8Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. 9Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: 11I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: 14«Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!»

Les i nettbibelen

16Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei. 17Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Les i nettbibelen