Adventstid med Geir Gundersen - Dag 7

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Herren er nær

Johannes 1,26-27

Les i nettbibelen.

26Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.»

Høyr andakten!

God morgon!

Kven er du? Det er eit godt spørsmål å få – og eit endå betre spørsmål å stille til andre. Kven er du? Dess meir ekte interesse i spørsmålet, di meir kan svaret kome til å bety. Eg nøyer meg ikkje lenger med rykte om din person. Eg vil høyre frå din eigen munn. Kven er du?

Det hadde gått mange rykte om døyparen Johannes, rykte som gjorde den religiøse makta uroleg. Prestar og levittar vart sende for å spørje han:

«Kven er du?» (Joh 1,19). Han svara «rett fram», står det i Johannesevangeliet kapittel 1:

«‘Eg er ikkje Messias.’ ‘Kven er du då?’ spurde dei. ‘Er du Elia?’ ‘Nei, det er eg ikkje’, svara han. ‘Er du profeten?’ ‘Nei’, sa han. ‘Sei oss då kven du er’, sa dei, ‘så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?’ Han sa: ‘Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer Herrens veg bein, som profeten Jesaja har sagt’» (v. 20–23).

Eg veit ikkje om Makta vart meir roleg etter det svaret. Og det vart verre: «Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til» (v. 26–27).

Det svaret grip meg djupt.

Kven er du, Johannes?

Eg? Kjernen i mitt liv, meininga med mitt liv, grunnen til at eg er her – er å peike på den som er større enn meg, den ukjende mellom dykk, Gud mellom dykk, Herren sjølv.

Det er ein menneskerett å bli sett og høyrt, å få rom til å svare på spørsmålet: Kven er du?

Det er ein menneskerett at svaret blir respektert, at det er plass for meg i denne verda slik eg er.

Men det er også ein menneskerett å sjå nokon, peike på, eller sjølv peike på det som er større enn meg. Og den største av alle menneskerettar er å få kontakt med kjelda for det menneskelege, eller som vi vil seie det i den kristne kyrkja: med Skaparen, han som vi lever og rører oss og er til i.

Å Gud, det er advent. Herren er nær. Han som eg ikkje er verdig til å løyse skoreimene åt. Han byr på heile seg. Han rører ved mi sjel, mi ånd og min kropp. Han kviskrar i mitt indre øyre: Kven er du? Og eg svarar, med skjelvande hjarte, i naken tru:

Eg er din.

Les videre:

13Dagen etter gjekk han ut att. Då fekk han sjå to hebrearar som slost. Han sa til den som hadde skulda: «Kvifor slår du nesten din?» 14Mannen svara: «Kven har sett deg til leiar og dommar over oss? Tenkjer du å drepa meg slik du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er saka likevel kjend!» 15Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få Moses drepen. Men Moses rømde for farao. Han slo seg ned i landet Midjan, der han budde ved ein brønn.

Les i nettbibelen

5Då steig Herren ned i ei sky, stilte seg opp attmed han og ropa ut namnet Herren. 6Herren gjekk framom han og ropa: « Herren er Herren, ein mild og nådig Gud, sein til vreide og rik på miskunn og sanning! 7Han held fast på si miskunn i tusen slektsledd og tilgjev synd, skuld og lovbrot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. For synda til fedrane straffar han born og barneborn og tredje og fjerde slektsleddet.» 8Straks bøygde Moses seg til jorda og tilbad. 9Han sa: «Herre, dersom eg har funne nåde for auga dine, så gå med oss, Herre! Sjølv om dette er eit stivnakka folk, så tilgjev oss vår synd og skuld og gjer oss til din eigedom.»

Les i nettbibelen