Adventstid med Geir Gundersen - Dag 8

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Heilt heim

Les i nettbibelen.

3Eg lengta, ja, tærtest bort av lengsel etter Herrens føregardar. No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud.

Høyr andakten!

God morgon!

Ein skriftlærd, ein religiøs mann, ville sette Jesus på prøve og spurde: Meister, kva bod er det største i lova? Jesus svara med den jødiske barnelærdomen. Du skal elske Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit. Dette er det største og første bodet. Men det er eit anna som er like stort: Du skal elske nesten din som deg sjølv (jf. Matt 22,34–40).

Eg har ein fantasi. Eg ser ein autoritet på vår tids religiøsitet sette Jesus på prøve: Kva er det viktigaste for eit menneske i dag? Eg høyrer Jesus svare: Det veit du: å elske nesten som du elskar deg sjølv. Men eg seier deg. Det finst noko som er like stort: å elske Gud av heile sitt hjarte, heile si sjel og av alt sitt vit.

Å våge å elske Gud først. Det skal det stort mot til i dag. Det er å reise seg mot mektige krefter. Men for ei glede det blir i himmelen, for ein lyd av song og klang og dans, når eit menneske vaknar, kjem til seg sjølv og lik den bortkomne sonen seier: Eg lengtar heim. Eg vil snu min veg og byrje å gå mot min Far i himmelen, han som skapte meg og elskar meg.

For eit adventsunder! Eit menneske vaknar og opnar døra på gløtt for Gud. Større opning treng ikkje Den heilage ande for å la gneisten av lengt flamme opp til eit levande menneskehjarte som søkjer Gud over alle ting og gjennom alle ting og elskar nesten sin som seg sjølv.

«Kor elskelege dine bustader er», seier songaren i Salme 84 (v. 2). «Eg lengta, ja, tærtest bort av lengsel etter Herrens føregardar» (v. 3). Etter å kome heim til Fars hus. Og songaren la i veg. Lèt seg leie av lengten etter Gud, lèt seg drive framover av sitt djupe behov, heilt fram, heilt heim. Heilt fram til alteret, i hjartet og i Guds hus:

No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud.

Salmane 84,3-4

Les i nettbibelen.

3Eg lengta, ja, tærtest bort av lengsel etter Herrens føregardar. No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud. 4Sporven har funne ein heim, svala har fått seg eit reir der ho kan leggja sine ungar, ved dine altar, Herre Sebaot, min konge og min Gud.

Les videre:

1Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme. 2Kor elskelege dine bustader er, Herre Sebaot! 3Eg lengta, ja, tærtest bort av lengsel etter Herrens føregardar. No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud. 4Sporven har funne ein heim, svala har fått seg eit reir der ho kan leggja sine ungar, ved dine altar, Herre Sebaot, min konge og min Gud. 5Sæle er dei som bur i ditt hus, dei skal alltid lova deg. 6Sæle er dei som har sin styrke i deg, dei som lengtar etter å fara opp til tempelet. 7Når dei fer gjennom dalen med baka-tre, gjer dei han til ei kjelde. Haustregnet legg òg si signing over han. 8Dei går frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion. 9Herre, allhærs Gud, høyr mi bøn, vend øyret til, du Jakobs Gud! 10Gud, vårt skjold, vend auga hit, sjå på han du har salva! 11Ja, éin dag i dine føregardar er betre enn tusen andre. Å liggja ved dørstokken til min Guds hus er betre enn å bu i lovlauses telt. 12For Herren Gud er sol og skjold, Herren gjev nåde og ære. Han held ikkje tilbake det gode for den som er heil i si ferd. 13Herre Sebaot, sæl er den som set si lit til deg.

Les i nettbibelen

11Jesus sa: «Ein mann hadde to søner. 12Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 13Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin. 14Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. 15Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene. 16Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko. 17Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! 18Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. 19Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’ 20Så braut han opp og gjekk heim til far sin.Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. 21Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’ 22Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. 23Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira. 24For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.

Les i nettbibelen