Adventstid med Geir Gundersen - Dag 9

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Adventsmot

Les i nettbibelen.

1Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!

Høyr andakten!

God morgon!

Bror Jesus – i dag treng eg å snakke med deg om ei alvorleg adventsak. Ein gong samla du dine næraste vener rundt deg. Du såg dei beint i auga og sa ifølgje Johannesevangeliet kapittel 14:

«Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!» (v. 1).

Altså var deira hjarte uroleg, altså var dei redde og uvisse for framtida. Difor ber eg deg, bror Jesus. Gi meg eit ømt hjarte. Gi meg det eg treng no, kontakt med det urolege. I meg sjølv, i tida som er mi, i menneska som høyrer desse orda.

For visst trur eg at menneskehjartet er seg sjølv likt til alle tider. Og visst kan eg kjenne meg heilt samtidig med kyrkjefar Augustin i dei orda som er over 1600 år gamle: «Vårt hjarte er uroleg til det finn kvile hos deg.»

Ikkje ville du tala trøystande ord til menneske som ingen sorger hadde. Ikkje ville du gi framtidsmot til folk som hadde alt på det tørre og var såre nøgde med seg sjølve og verda. Ikkje ville du oppmode til tru der det inga vantru var. Så, bror Jesus, opna opp denne adventsdagen for meg. Gi meg kontakt med det eg ikkje eig og ikkje veit, mine djupaste lengsler og sannaste behov. Gjer meg til eit levande, ventande menneske som du kan nå.

Ein gong samla du dine næraste rundt deg. Dei visste ingenting om dei hendingane vi kan lese om i Det nye testamentet, det som skulle bli kjernen i den kristne tru. Dei var berre redde for å misse deg. Du sa: «Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen» (v. 3–4).

Men eg, Geir, kjenner på alt eg ikkje veit og seier med Tomas: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?» (v. 5). Og du svarar: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg» (v. 6).

Bror Jesus, eg ber deg: Gjer meg til eitt med alle dei som du er på veg til. Lat det skje, ein gong til, det som er din djupaste lengt, det store under at tru og tillit slår rot i eit menneskehjarte. At nokon som er redd og engsteleg, kan finne eit nytt mål av kvile i deg og nok mot til å gå deg i møte.

Les videre:

1Ein salme av David. Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko. 2Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile. 3Han gjev meg nytt liv. Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld. 4Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. 5Du dukar bord for meg framfor mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje. Mitt beger renn over. 6Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider.

Les i nettbibelen

1Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, gjekk det slik til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal. 2Elia sa til Elisja: «Ver her! For Herren sender meg til Betel.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei ned til Betel. 3Profetlæresveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit òg det. Tei berre stilt!» 4Så sa Elia til han: «Ver her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko. 5Profetlæresveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!» 6No sa Elia til han: «Ver her! For Herren sender meg til Jordan.» Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei vidare saman. 7Femti av profetlæresveinane følgde etter dei. Dei vart ståande midt imot Elia og Elisja langt borte, medan dei to stilte seg opp ved Jordan. 8Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då skilde vatnet seg, og begge gjekk over på tørre botnen. 9Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei meg, kva kan eg gjera for deg før eg blir teken frå deg?» Elisja sa: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!» 10Elia svara: «Det er vanskeleg, det du ber om. Men ser du meg når eg blir teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.» 11Medan dei gjekk der og snakka saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei frå kvarandre. Og Elia fór opp til himmelen i stormen. 12Då Elisja såg dette, ropa han: «Min far, min far! Israels vogner og ryttarar!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke. 13Så tok han opp kappa til Elia, som hadde falle av han. Han gjekk tilbake og stilte seg ved bredda av Jordan. 14Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Elisja slo òg på vatnet så det skilde seg, og han gjekk over.

Les i nettbibelen