God morgon – Dag 2
Les og høyr morgonandakter frå Geir Gundersen! «God morgon» er ei andaktsbok tett på Bibelen og tett på livet, og i denne leseplanen kan du lese og høyre fire av dei. Gundersen har halde morgonandakter i NRK i over 40 år, og refleksjonane er prega av erfaringar frå eit langt liv som truande menneske, erfaringar som både er personlege og allmenne.

Høyr andakten!
Sjå tilbake i tru
Men du er ein Gud som tilgjev,
du er nådig og mild,
sein til vreide og rik på miskunn,
og du forlét dei ikkje.
– Nehemja 9,17
Å tru er å leve i eit kjærleiksforhold, eit kjærleiksforhold til Gud. Difor er tru først og fremst ei praktisk sak, å øve seg i å leve i eit forhold, å pendle mellom nærleik og distanse, å røre på seg i kjærleikens rom.
I dag vil eg peike på den praktiske trusøvinga som heiter: å sjå seg tilbake – og tenkje over det ein ser.
Ein vis mann har sagt at det finst ei form for dagleg bøn som du ikkje kan klare deg utan, som du treng for livet: å sjå tilbake på dagen i tru:
- Korleis vart denne dagen?
- Kva lét Gud meg erfare i dag?
- Kva gav meg glede, inspirasjon, lyfte meg opp?
- Kva var det som skurra, drog meg ned, tømde meg for kraft?
Å sjå seg tilbake i tru er ei god øving i kjærleikslivet med Gud. Å sjå på sitt eige liv med ømheit og varheit, slik Gud ser på oss. Å sjå det lyse og det mørke med det blikket, det er å øve seg i å tru.
Ein gong fekk eg ei stor gåve frå Gud. Eg fekk høve til å vere lenge saman med han i stillheit og bøn. Eg fekk høve til det lange tilbakeblikket, eg fekk sjå tilbake på heile livet mitt så langt, i tru.
Det var ei spanande reise. Tenk at det kunne vere så mykje liv å hente i å sjå bakover, på det som hadde hendt meg. Eg fekk reise i det som var mitt livs landskap, eg fekk bli kjend på nytt med høgder og djupner, rolege vegstykke, korsvegar, krappe svingar. Og det eg fekk sjå, er det same som alle menneske får sjå når dei ser tilbake på livet sitt i tru, men no fekk eg erfare det som den djupaste sanninga om livet mitt: korleis Gud hadde ført meg heile tida, korleis han hadde berga meg når eg var i livsfare eller i fare for å gjere stor skade på andre.
Slå opp i Nehemja kapittel 9. Der får du følgje Israels ætt når dei samlar seg i botsklede og med mold på hovudet for å «sanna syndene sine og fedrane si skuld» (Neh 9,2), står det. Det blir eit langt tilbakeblikk på Guds kjærlege leiing av folket:
I ei skysøyle førte du dei om dagen
og i ei eldsøyle om natta;
ho lyste opp vegen dei skulle gå.
Men dei var hovmodige og stivnakka,
fedrane våre,
dei høyrde ikkje på dine bod.
Dei nekta å høyra
og hugsa ikkje dine under
som du hadde gjort for dei.
Dei var stivnakka
og tok seg ein leiar
for å venda attende til slaveriet i Egypt.
Men du er ein Gud som tilgjev,
du er nådig og mild,
sein til vreide og rik på miskunn,
og du forlét dei ikkje (Neh 9,12.16–17).
Ikkje ver redd for å sjå deg tilbake. Du kan berre oppdage meir av kor høgt du er elska.
12I en skysøyle førte du dem om dagen og i en ildsøyle om natten; den lyste opp veien de skulle gå.
Les mer:
14Selv når du sier at du ikke ser ham, ser han din sak. Bare vent på ham!
8Barmhjertig og nådig er Herren, sen til vrede og rik på miskunn. 9Han anklager ikke for alltid og er ikke for evig harm. 10Han gjør ikke gjengjeld for våre synder, han lønner oss ikke etter vår skyld. 11Så høy som himmelen er over jorden, så veldig er hans miskunn over dem som frykter ham. 12Så langt som øst er fra vest, tar han syndene våre bort fra oss. 13Som en far er barmhjertig mot sine barn, er Herren barmhjertig mot dem som frykter ham. 14For han vet hvordan vi er skapt, han husker at vi er støv.
22ח Herren er nådig, vi går ikke til grunne. Hans barmhjertighet tar ikke slutt, 23den er ny hver morgen. Din trofasthet er stor.
6Mens vi ennå var svake, døde Kristus for ugudelige da tiden var inne. 7Selv for et rettskaffent menneske vil vel neppe noen gå i døden. Eller kanskje ville noen gjøre det for en som er god. 8Men Gud viser sin kjærlighet til oss ved at Kristus døde for oss mens vi ennå var syndere.
9Men dersom vi bekjenner våre synder, er han trofast og rettferdig, så han tilgir oss syndene og renser oss for all urett.