God morgon – Dag 4

Les og høyr morgonandakter frå Geir Gundersen! «God morgon» er ei andaktsbok tett på Bibelen og tett på livet, og i denne leseplanen kan du lese og høyre fire av dei. Gundersen har halde morgonandakter i NRK i over 40 år, og refleksjonane er prega av erfaringar frå eit langt liv som truande menneske, erfaringar som både er personlege og allmenne.

Høyr andakten!

Lat oss gå og sjå

«Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.»
– Evangeliet etter Lukas 2,15

Kva får eit menneske til å bryte opp og gi seg i veg? Og kva får eit menneske til å bryte opp og gi seg i veg i tru? Forlate det kjende og trygge, utan sikkerheit gå i møte med Ein du ikkje kjenner, men er dregen mot fordi du anar angen av kjærleik?

I dagens ord frå den store forteljinga i Lukasevangeliet kapittel 2 – møter vi menneske som tek slike sprang og lokkar oss ut på det same djupet.

Vi er tilbake i mørkret julenatt. Hos hyrdingane, desse som lever nær dyra og bokstaveleg tala har føtene sine på jorda. Englane har fare frå dei, står det. Himmelen har fått tilbake sitt kjende preg. Dei har gjort ei skakande erfaring. Dei har vore fælande redde og blitt trøysta av englar. Men kva var det eigentleg som hende? Og kva no?

Då tek dei spranget. Då fattar dei si avgjerd i tru: Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt. Dei skundar seg. Overlèt dei dyra til englevern? Dei finn Maria og Josef og det vesle barnet som ligg i krubba. Drivne av sitt ferske trusmot fortel dei om alt dei har sett og høyrt, deler si skakande erfaring med menneske dei aldri har sett før, men kjenner seg djupt i slekt med (jf. v. 15–17). Inne i stallen veks den fram, den særeigne atmosfæren av felles tru: Dei undrar seg saman. Dei undrar seg saman til meir tru og klarare glede – og lik Maria gøymer dei alt dei har delt i sitt hjarte, for å grunne på det (jf. v. 18–19).

Og no kjem det eine trusspranget etter det andre. Åtte dagar etter fødselen tek Maria og Josef barnet med seg til tempelet, gir det tilbake til Gud og lar det få trusnamnet. Dei svarar på alt dei har erfart med å gi barnet namnet Jesus, det som peiker framover, som skal lyse opp barnet sin veg mot eigne vaksne val i tru (jf. v. 21).

Det er umogleg å tvinge nokon til tru. Det er umogleg å tvinge seg sjølv til tru. Det kan berre bli tale om å svare på noko som har skjedd, ei gåve du har fått, ei erfaring du har gjort, i det indre eller det ytre. Ei fri avgjerd: Eg vil bryte opp, eg vil gå og sjå kva det er i dette som har rørt ved meg, som eg undrar meg over.

Eg har gjort den vedunderlege erfaringa at den aldri tek slutt, denne trusvegen. At den fører dit det blir meir å grunne på og meir å undre seg over og meir å takke for. At det finst ei glede for heile folket – også for meg. At det er fødd ein frelsar som også let seg føde i meg. At han har namnet Jesus. Og er kjærleiken sterkare enn døden.

Bibeltekst

Lukas 2,15

15Da englene hadde forlatt dem og vendt tilbake til himmelen, sa gjeterne til hverandre: «La oss gå inn til Betlehem for å se dette som har hendt, og som Herren har kunngjort for oss.»

Les mer:

Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning.

Eg vil velsigna dei som velsignar deg, men den som forbannar deg, skal eg forbanna. I deg skal alle slekter på jorda velsignast.»

Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt han, og Lot drog med han. Abram var 75 år gammal då han braut opp frå Harran. Og Abram tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alle eigedelane dei hadde samla seg, og folka dei hadde skaffa seg i Harran. Dei braut opp for å dra til landet Kanaan.

I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han, og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva. No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova, tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa:

«Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred, slik som du har lova. For mine auge har sett di frelse, som du har gjort i stand like for andletet på alle folk, eit lys til openberring for heidningane og til ære for folket ditt, Israel.»

Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’ Så braut han opp og gjekk heim til far sin. Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.

Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst, kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan.

Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane. Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.»

Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending?

God morgon

Leseplanen er eit utdrag frå boka «God morgon» av Geir Gundersen. Kjøp boka i din bokhandel, eller her: www.bibel.no/godmorgon

Geir Gundersen
Acme

God morgon

119 andaktar til kvardag og høgtid – sorg og glede.
349,-