Johannes 4,1-14

I denne delen av Johannesevangeliet møter vi flere av Jesu mest kjente mirakler. Vi får se ham helbrede syke, gå på vannet, mette 5 000 og alt dette leder fram mot Peters store bekjennelse av hvem Jesus er - Guds hellige, han som har det evige livs ord.

Banner med myrull og solskinn som leser: Johannes 4,1-7,13 Logos 3-22.

Når spurte du sist Jesus om noko i Bibelen som du lurer på?

Ei kjend forteljing som denne, om det sterke møtet og den usannsynlege samtalen mellom Jesus og den samaritanske kvinna, blir litt for ofte redusert berre til dette: ei kvinne som vert sett, som får hjelp og i tillegg eit nytt liv.

For all del, det er stort. Men det er meir å legga merke til i denne samtalen. For kva er det som driv
samtalen mellom dei fram når dei møtest?

Sjå kor viktig han er, den kunnskapen som kvinna faktisk har om tradisjon og skrifter. Det er jo dette som ligg i botn for dei spørsmåla ho stiller til Jesus.

Kunnskap om ordet og den kristne tradisjonen er ikkje det som frelser oss. Det kan likevel opna opp for sanningar om Guds rike som gjer trua vår djup som ein brønn og møta våre med Jesus til verkeleg livsforfriskande og – forvandlande.

Jesus og den samaritanske kvinna

Johannes 4,1-14

Les i nettbibelen.

1Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes. 2No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans. 3Då tok han ut frå Judea og drog til Galilea igjen. 4Han måtte dra gjennom Samaria, 5og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin. 6Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen. 7Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.» 8For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat. 9«Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar. 10Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» 11«Herre», sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå? 12Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?» 13Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. 14Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.»