Johannes 4,15–30

I denne delen av Johannesevangeliet møter vi flere av Jesu mest kjente mirakler. Vi får se ham helbrede syke, gå på vannet, mette 5 000 og alt dette leder fram mot Peters store bekjennelse av hvem Jesus er - Guds hellige, han som har det evige livs ord.

Banner med myrull og solskinn som leser: Johannes 4,1-7,13 Logos 3-22.

Er det noko du helst vil halda utanfor samtalen med Jesus?

Midt i ein samtale om filosofiske spørsmål, dukkar det opp noko heilt nært, noko vi moderne lesarar kan føla er malplassert og merkeleg. «Gå og hent mannen din …».

Kva gjer Jesus her? Kvifor dette bråe skiftet midt i noko som ser ut til å handla om heilt andre ting

Det er ubehageleg når det vi helst ikkje vil snakka om, blir tema, men det er ofte slike samtalar som opnar for å snakka sant om livet.

Mange seier at Jesus ikkje er oppteken av kjærleikslivet vårt. Det er feil. For kvinna ved brønnen er det frigjerande at den store lengten hennar vert sett i samband med den menneskelege lengten etter nærvær og stadfesting. Det var lengten som dreiv henne inn i armane på så mange menn, og som no hadde gjort livet hennar både kaotisk og einsamt på same tid.

Jesus veit kva han gjer når han peikar på ting vi held tilbake frå han. Han skjønar betre enn oss kor inderleg vi treng heilskap og samanheng i livet; trua er ikkje eit tankesystem, det er sjølve livet!

«Gå og hent mannen din …»

Johannes 4,15–30

Les i nettbibelen.

15Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.» 16Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.» 17«Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus. 18«For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.» 19«Herre, eg ser at du er ein profet», sa kvinna. 20«Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far. 22De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha. 24Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.» 26Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.» 27I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville eller kvifor han snakka med henne. 28Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: 29«Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» 30Då gjekk dei ut av byen og kom til han.