Johannes 4,31–42

I denne delen av Johannesevangeliet møter vi flere av Jesu mest kjente mirakler. Vi får se ham helbrede syke, gå på vannet, mette 5 000 og alt dette leder fram mot Peters store bekjennelse av hvem Jesus er - Guds hellige, han som har det evige livs ord.

Banner med myrull og solskinn som leser: Johannes 4,1-7,13 Logos 3-22.

Kva er Jesu skjulte kraftreserve?

Midt i historia om samaritankvinna som får livet snudd på hovudet, møter vi den gåtefulle Jesus, som brått svarer så underleg på disiplane sin svært kvardagslege invitasjon til måltid.

«Han har ein mat å eta som dei ikkje veit om», fortel han, og opnar med det opp for ein kortfatta, men briljant kommentar til kva som er våre mest grunnleggande behov.

Jesus ser ikkje ned på alminnelege menneskelege behov. Når Gud blir menneske, løfter og anerkjenner han tvert imot det menneskelege på ein måte som ingen andre trusretningar gjer.

Samtidig ber Jesus alltid på den grunnleggande erkjenninga: Mennesket lever faktisk ikkje av brød åleine. Dei fysiologiske behova er viktige. Men endå meir fundamentalt er behovet for å bli eitt med Gud og søka hans vilje. Den maten gjer oss i stand til å løfta blikket og sjå det større biletet i Guds rike. Det er ein mat vi ikkje veit om av oss sjølv, men som Jesus lengtar etter å få gi oss.

Jesus og samaritanane

Johannes 4,31-42

Les i nettbibelen.

31I mellomtida bad læresveinane han: «Rabbi, kom og et!» 32Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.» 33Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?» 34Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil, han som sende meg, og fullføra hans verk. 35Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft auga og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten! 36Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37Her gjeld ordet om at ‘éin sår og ein annan haustar’. 38Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidd med. Andre har arbeidd, og de har gått inn i arbeidet dei har gjort.» 39Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» 40Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar. 41Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, 42og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.»