Johannes 4,43–54

I denne delen av Johannesevangeliet møter vi flere av Jesu mest kjente mirakler. Vi får se ham helbrede syke, gå på vannet, mette 5 000 og alt dette leder fram mot Peters store bekjennelse av hvem Jesus er - Guds hellige, han som har det evige livs ord.

Banner med myrull og solskinn som leser: Johannes 4,1-7,13 Logos 3-22.

Er det lettare å tru når Gud gjer eit under?

Folk trengjer seg på Jesus overalt, sjølv om han slett ikkje alltid jobbar så hardt med merkevarebygging og publikumsappell.

Anar vi ein refsande undertone for eksempel i v 48: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje»? Jesus er Guds rike «in person», personifisert, og då han kom som menneske, kom ein heilt unik dynamikk til uttrykk, ein som aldri før eller seinare har vist seg i historia.

Ta dømet i denne teksten, der han møter den desperate embetsmannen som held på å mista sonen sin. På eine sida minner han oss om det utilstrekkelege ved teikn og under som eit grunnlag for tru. Han peikar ofte på at vi menneske har ein tendens til å legga for mykje vekt på ytre manifestasjonar. På den andre sida lyttar han til embetsmannens bøn for sonen sin.

Gud veit korleis vi er skapte, og han vil likevel ha oss med på den smale vegen, der trua vert ein relasjon prega av nærvær, tillit og fellesskap. Ikkje ein forbigåande funksjon av teikn og mirakel.

Den kongelege embetsmannen i Kapernaum

Johannes 4,43-54

Les i nettbibelen.

43Då dei to dagane var gått, drog Jesus ut derifrå og fór til Galilea. 44For han hadde sjølv vitna om at ein profet ikkje blir æra på sin eigen heimstad. 45Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem i høgtida. Også dei hadde vore der i høgtida. 46Så kom Jesus igjen til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og son hans var sjuk. 47Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han til Jesus og bad han koma ned og gjera son hans frisk, for det stod om livet. 48Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.» 49Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!» 50Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde det ordet Jesus sa til han, og gjekk. 51Medan han var på heimvegen, kom tenarane og møtte han, og dei fortalde at guten hans levde. 52Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.» 53Då skjøna faren at det hadde hendt i same stund som Jesus sa til han: «Son din lever.» Og dei kom til tru, både han og heile hans hus. 54Dette andre teiknet gjorde Jesus då han kom frå Judea til Galilea.