Forslag til preike
Mark 4,26–34 (Såmannssøndag): Preike til bibeldagen, såmannssøndagen 28. januar 2024, er skrive av bibelbrukskonsulent i Bibelselskapet, Hans J. Sagrusten.
Mark 4,26–34 (Såmannssøndag): Preike til bibeldagen, såmannssøndagen 28. januar 2024, er skrive av bibelbrukskonsulent i Bibelselskapet, Hans J. Sagrusten.
Ofte kan evangeliet overraske oss. Vi ser at menneske byrjar å tru på Jesus der ingen hadde venta det. Ja, der nesten ingen ting ligg til rette for at trua kan vekse – nett der kan ho byrje å spire.
Slik er det med bonden som Jesus fortel om i evangelieteksta i dag. Han står og ser på åkeren sin, der kornet veks. «Han veit ikkje korleis det går til», seier Jesus. Slik er det: Veksten kan overraske oss.
Vi ser det i kyrkjene her i Noreg. Av og til kjem det nye menneske på gudstenester og andre samlingar. Nokre gonger kjem dette som ei stor overrasking, både for dei sjølve og for folk som kjenner dei.
Men vi ser det òg i andre land – som i landa rundt Persiabukta. Der arbeider Bibelselskapet i Golfen med å skaffe biblar til kyrkjene. Dei arbeider i ein del av verda der ingen hadde trudd det kunne bli vekst.
Likevel spirer og gror det. I Bahrain og Kuwait, i Qatar og Dei sameinte arabiske emirata er det stadig nye menneske som oppsøkjer ei kristen kyrkje. Desse menneska ønskjer seg ofte mest av alt ein bibel.
I desse landa er nesten alle innbyggjarane muslimar. Men frå Asia kjem det millionar av menneske på leiting etter arbeid. Mange av desse er kristne, og arbeidet finn dei ofte i dei rike landa i Golfen.
Før budde det ikkje så mange i desse landa. I 1950 budde det berre fire millionar menneske i dei sju landa rundt Persiabukta. I dag er det nær 60 millionar menneske her, medrekna Saudi-Arabia.
Omkring halvparten av desse er gjestearbeidarar frå land i Asia. Til Golfen strøymer det folk frå India og Pakistan, Bangladesh og Nepal, Indonesia og Filippinane – kvinner og menn på jakt etter arbeid.
Mange av desse kjem frå ein kristen bakgrunn. Mange kjem òg til kristen tru medan dei er i Golfen for å arbeide. Så mange som 1,9 millionar gjestearbeidarar i Golfen er kristne, og dei tek den kristne trua med seg på arbeidsplassen og i arbeidsleiren der dei bur.
Dei deler den kristne trua i det stille, frå menneske til menneske. Bygningsarbeidaren deler trua med dei han deler rom med. Og hushjelpa deler trua med familien i heimen der ho arbeider.
Ei hushjelp frå Filippinane døydde. I gravferda kom familien som ho arbeidde for. Då dei skulle gå, sa kvinna i familien lågt til kona til presten: «Jesus er Herre». Ho hadde fått tak i trua på Jesus.
Slik vitnar kristne kvinner og menn i det stille, midt i samfunn som er dominerte av ei anna tru. Ingen misjonsleiar kunne ha tenkt ut ein betre strategi for å spreie evangeliet i denne delen av verda.
«Av seg sjølv ber jorda grøde», seier Jesus. Trua på Jesus er slik at ho skaper vekst – av seg sjølv. Evangeliet om Jesus er som eit frø som fell i god jord: Straks det er sådd, byrjar det å spire og vekse.
Automáte heiter det greske ordet som vi har omsett: «av seg sjølv». Herifrå har vi fått ordet «automatisk». Det er ei innebygd kraft i ordet om Jesus. Det får store ting til å skje, lik veksten i eit spirande frø.
Heilt frå først av var det meininga at trua på Jesus skulle delast. Valet av språk vitnar om dette. Det nye testamentet vart skrive på gresk, verdsspråket i antikken, for at flest mogleg skulle forstå det.
Sidan har evangeliet om Jesus vorte delt på stadig nye språk. Det har skjedd «av seg sjølv», rett og slett fordi stadig nye menneske ønskte å dele orda om Jesus med andre, på sitt eige hjartespråk.
I dag er heile Bibelen omsett til meir enn 730 språk, og minst éi bok i Bibelen finst på 3600 språk. Her i Noreg omset vi til seks språk: til bokmål og nynorsk, til nord-, sør og lulesamisk, og til teiknspråk.
I Golfen spreier Bibelselskapet biblar på meir enn 100 språk til alle dei ulike gjestearbeidarane. Dei spreier biblar på arabisk, telugu, tagalog, amharisk og bengali, for å nemne nokre av dei største språka.
I landa Golfen er det ofte avsett eigne område der dei kristne kan samle seg, og det er ikkje lovleg å halde gudsteneste andre stader. På desse stadene kan det vera opptil 80 gudstenester i løpet av ei helg.
Der samlar dei seg, gjestearbeidarane frå India som talar telugu, dei frå Filippinane som talar tagalog, dei som talar bengali og så vidare. Når éi språkgruppe seier «Amen», står den neste klar utanfor døra.
Den korte timen i kyrkja er eit kjærkome avbrekk i eit slitsamt liv som gjestearbeidar. Mange saknar familien i heimlandet, som dei kanskje ikkje har sett på fleire år. Då har trua ofte ekstra mykje å seia.
I dette miljøet arbeider Bibelselskapet i Golfen, også blant menneske som ikkje kjenner Bibelen så godt. Dei brukar ofte metoden «Simply the story», som hjelper nye kristne å leva seg inn i bibeltekster.
Fyrst lyttar dei til bibelteksta i lag. Så går dei saman to og to, og fortel historia til kvarandre med eigne ord. Dei spelar ut replikkane i teksta i ei dramatisering. Så talar dei med kvarandre om innhaldet:
Kva opplever dei ulike personane? Kva seier dei, og korleis reagerer dei andre i teksta? Skjer det ei forandring med nokon av personane i teksta? Og ikkje minst: Kva lærer teksta oss om kven Jesus er?
Slik viser dei kristne i Golfen oss at det går an å studere Bibelen i fellesskap. Dei sit tett saman og hjelper kvarandre å forstå bodskapen. Her har vi i Noreg mykje å lære av deira måte å bruke Bibelen på.
«Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer» skriv apostelen Paulus i den eine teksta i dag. Slik er det i Golfen i dag: Orda om Jesus er ein bodskap ein høyrer, som ein lever seg inn i og samtalar om.
På Bibeldagen 2024 får vi vera med og støtte dette arbeidet i Golfen. Arbeidet minner om det som Jesus fortalde i evangelieteksta: Det skjer ein vekst i det stille, men under overflata spirar det!
Ein dag står åkeren full av mogne aks. Vi ber om at det skal skje, både i Golfen og hjå oss i Noreg, sjølv om vi aldri skjønar korleis det går til.
Hans J. Sagrusten
26Og han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når en mann har sådd korn i jorden. 27Han sover og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet spirer og vokser, men han vet ikke hvordan det skjer. 28Av seg selv gir jorden grøde, først strå, så aks og til sist modent korn i akset. 29Så snart grøden er moden, svinger han sigden, for høsten er kommet.» 30Han sa: «Hva skal vi sammenligne Guds rike med? Hvilken lignelse skal vi bruke? 31Det er som et sennepsfrø. Når det blir sådd, er det mindre enn noe annet frø på jorden, 32men når det er sådd, vokser det opp og blir større enn alle hagevekster og får så store greiner at himmelens fugler kan bygge rede i skyggen av det.» 33Med mange slike lignelser talte han ordet til dem, så mye de var i stand til å høre. 34Uten lignelser talte han ikke til dem. Men når han var alene med disiplene, forklarte han alt for dem.
7Du lokket meg, Herre, og jeg lot meg lokke. Du ble for sterk for meg og vant. Jeg er til latter hele dagen, alle spotter meg. 8Hver gang jeg snakker, må jeg skrike. «Vold og ran!» roper jeg. For Herrens ord er blitt til spott og skam for meg hele dagen. 9Jeg sa: «Jeg vil ikke tenke på ham. Aldri mer skal jeg tale i hans navn.» Da var det som om det brant en ild i mitt hjerte. Den var innestengt i knoklene mine. Jeg strevde for å stå imot, men jeg greide det ikke.
13Hver den som påkaller Herrens navn, skal bli frelst. 14Men hvordan kan de påkalle en de ikke tror på? Hvordan kan de tro på en de ikke har hørt om? Og hvordan kan de høre uten at noen forkynner? 15Og hvordan kan de forkynne hvis de ikke er utsendt? Det står jo skrevet: Hvor vakre de er, føttene til dem som bringer godt budskap! 16Men ikke alle var lydige mot evangeliet. Jesaja sier: Herre, hvem trodde vårt budskap? 17Så kommer da troen av det budskapet en hører, og budskapet kommer av Kristi ord.