Framlegg til forbøn på Bibeldagen
Forbøna til Bibeldagen er utforma av generalsekretær i Bibelselskapet, Øyvind Haraldseid
Forbøna til Bibeldagen er utforma av generalsekretær i Bibelselskapet, Øyvind Haraldseid
L: Liturg
F1 osb.: Forbedar 1, 2, 3 og 4. Forbedaren vender seg i «si» himmelretning under bøna.
L: Lat oss be for syskena våre i sør!
F1: Miskunnsame Gud, takk for dei som i dag samlast om ditt ord i kyrkjene i Golf-landa. Takk for dei kristne gjestearbeidarane som samlast til gudsteneste. Vi bed om at du held di hand over dei og vernar dei. Vi bed for dei som blir forfølgde for si tru i desse landa. Vi takkar òg for dei mange nye som kjem til tru. Vi bed for dei og for familiane deira i heimlandet. Vi bed for bokhandlane til Bibelselskapet, at dei får vera fyrtårn for Ordet for alle som går framom eller kjem inn. Lat Ordet som blir sådd, falla i god jord og bera rik grøde. Gud, lat ditt ord ha framgang i sør!
L: Lat oss be for syskena våre i aust!
F2: Nådige Gud, kom nær til våre sysken i Kina, Ukraina og alle andre land i aust. Takk for alle biblane som er spreidde i desse landa. Lat alle som lengtar etter ein bibel, få ein. Vi takkar deg for at ordet ditt ikkje vender tomt attende, og at det gjer det som du sender det til. I dag bed vi òg for alle som opplever krig og redsler, eller som er på flukt: Lat dei møta miskunn, og velsigna alle som hjelper dei. Lat dei som trur på deg, bli styrkte av ditt ord, og rust dei ut til teneste for medmenneska sine. Gud, lat ditt ord ha framgang i aust!
L: Lat oss be for syskena våre i vest!
F3: Trufaste Gud, takk for at ordet ditt alltid er levande og verksamt. Vi takkar deg for syskena våre på Cuba og takkar for iveren deira etter å gje ditt ord til nye familiar. Lat dei som får ein bibel, finna deg og oppleva din kjærleik. Vi bed deg vera med alle medarbeidarane i det cubanske bibelselskapet og andre bibelselskap i vest: Gjer dei frimodige og sterke i arbeidet, og velsigna bibelarbeidet. Sjå i nåde til alle som strevar med mange utfordringar i kvardagen. Gje dei leiarar som arbeider for rettferd og fridom. Gud, lat ditt ord ha framgang i vest!
L: Lat oss be for oss her i nord, og for oss sjølve!
F4: Tolmodige Gud, takk for at du framleis sender ditt ord ut til heile verda, og til oss i nord. Takk at vi har ditt ord på språk som vi forstår. Vi bed om at våre hjarta ikkje må vera hard steingrunn, men opne for ditt ord. Vi bed om at ikkje uro skal kvela ordet vi høyrer, og om at uro og angst for framtida ikkje får ta motet frå oss. Vi bed deg i dag særskilt for arbeidet med bibelomsetjing på sørsamisk og lulesamisk, og til teiknspråk. Skap lengsel etter deg og ditt ord i folket vårt, og velsigna Bibelselskapets arbeid. Gud, lat ditt ord ha framgang i Noreg.