Boka gjennom to tusen år
Forfatter Hans Johan Sagrusten tek deltakarane med gjennom to tusen års interessant historie om bokformat og skrivematerialar, med særleg vekt på den sentrale rolla Bibelen har spela i bokhistoria.
Forfatter Hans Johan Sagrusten tek deltakarane med gjennom to tusen års interessant historie om bokformat og skrivematerialar, med særleg vekt på den sentrale rolla Bibelen har spela i bokhistoria.
Kvifor bruker vi bøker og ikkje skriftrullar? Kva har moderne lesebrett med antikkens skrifttavler å gjera? Og hadde dagens bøker sett heilt annleis ut om ikkje dyreskinn var avlange? Slike spørsmål tek Hans Johan Sagrusten opp i denne boka.
Boka om boka handlar om gamle skrivemateriale som papyrus og pergament, om vokstavler og skriftrullar – men òg om oss sjølve. For historia om boka er samtidig historia om vår eigen kultur. Gjennom to tusen år har Bibelen påverka skriftkulturen og vore pådrivar for den teknologiske utviklinga i bokkunsten. I denne store boka har ein alltid brukt berre det beste av skrivematerialar, det vakraste av kunsten, det nyaste av teknologi – alt dette som har forma både bokkunsten og våre eigen kultur.
Hans Johan Sagrusten (f. 1970 i Vågå) har skrive er rad med populærvitskaplege bøker om Bibelen, som Det store puslespillet (2014), Det store puslespelet II (2016), Den skjulte skatten (2017) og Spor av Jesus (2018). Bøkene hans er seks gonger innkjøpt av Norsk Kulturråd.
For prisinformasjon send oss en epost: nettredaksjonen@bibel.no