Bibel lillaBibel 2024
Dato14Kommer 14. mars
Gå til forsiden

Kirkeårets tekster

Tekstrekke II

2. søndag i fastetida

25.2.2024

Evangelietekst

Lukas 7,36–50

Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne

36 Ein av farisearane bad Jesus eta hos seg. Og han gjekk inn i huset til farisearen og tok plass ved bordet. 37 No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus låg til bords hos farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve. 38 Ho vart ståande bak Jesus, nede ved føtene, og gret. Så tok ho til å fukta føtene hans med tårene og tørka dei med håret sitt. Ho kyste føtene hans og smurde dei med salven. 39 Då farisearen som hadde bede han heim, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»

40 Då tok Jesus til orde og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tal, meister», svara han. 41 Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti. 42 Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?» 43 «Den han ettergav mest, tenkjer eg», svara Simon. «Du har rett», sa Jesus. 44 Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho fukta dei med tårer og tørka dei med håret sitt. 45 Du helsa meg ikkje velkomen med eit kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn. 46 Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med velluktande salve. 47 Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som får tilgjeve lite, elskar lite.» 48 Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.» 49 Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?» 50 Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå i fred!»

Lesetekst 1

1. Mosebok 3,8–15

8 Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen. 9 Men Herren Gud ropa på mannen og sa: «Kvar er du?» 10 Han svara: «Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg.» 11 Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?» 12 Mannen svara: «Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.» 13  Herren Gud spurde kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen narra meg, og eg åt.»


14 Då sa Herren Gud til slangen:

«Forbanna er du,

utstøytt frå alt fe og alle ville dyr

fordi du gjorde dette.

På buken skal du krypa,

og støv skal du eta alle dine levedagar.

15 Eg vil setja fiendskap

mellom deg og kvinna,

mellom di ætt og hennar ætt.

Han skal råka hovudet ditt,

men du skal råka hælen hans.»

Lesetekst 2

Romarane 5,17–19

17 Døden fekk herredøme fordi eitt einaste menneske fall. Kor mykje meir skal då ikkje dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve, eiga livet og få herredøme ved den eine, Jesus Kristus.

18 Difor: Slik som ein manns fall vart til fordømming for alle menneske, slik fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. 19 Slik dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig.

Fortellingstekst

1. Mosebok 39,1–23

Josef hos Potifar

1 Josef vart ført ned til Egypt. Potifar, ein egyptar som var hoffmann hos farao og sjef for livvakta, kjøpte han av ismaelittane som hadde teke han med dit. 2  Herren var med Josef og lét det lukkast for han. Han vart verande i huset til den egyptiske herren sin. 3 Herren hans såg at Herren var med han og lét han lukkast i alt han gjorde. 4 Josef vann velvilje hos herren sin og vart tenaren hans. Potifar sette han til å styra sitt hus og lét han ta hand om alt han eigde. 5 Og frå den tid egyptaren hadde sett han over sitt hus og alt han eigde, velsigna Herren huset hans på grunn av Josef. Herrens velsigning kvilte over alt det han eigde, både i huset og på marka. 6 Han lét Josef ta hand om alt han eigde, og gjorde seg ingen suter, anna enn for maten han åt.

Josef var velskapt og vakker.

7 Ei tid etter hende det at kona til herren kasta auga sine på han. «Ligg med meg!» sa ho. 8 Men han ville ikkje og sa til henne: «Sjå, herren min treng ikkje gjera seg suter om noko i huset, han har late meg ta hand om alt. 9 Han er ikkje større i dette huset enn eg. Han har ikkje nekta meg noko utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då kunna gjera noko så vondt og synda mot Gud?» 10 Dag etter dag snakka ho til Josef, men han høyrde ikkje på henne og ville ikkje liggja med henne eller vera saman med henne.

11 Så hende det ein dag at han kom inn i huset og skulle gjera arbeidet sitt. Ingen av husfolket var inne. 12 Då greip ho fatt i kappa hans og sa: «Ligg med meg!» Men han rømde ut av huset og lét kappa vera att i hendene hennar. 13 Då ho såg at han lét kappa vera att i hendene hennar og sjølv rømde ut, 14 ropa ho på husfolket og sa: «Sjå! Mannen min har drege ein hebrear inn i huset som gjer oss til latter. Han kom til meg og ville liggja med meg, men eg ropa så høgt eg kunne. 15 Og då han høyrde at eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.»

16 Så tok ho vare på kappa til herren hans kom heim. 17 Ho fortalde han den same historia: «Den hebraiske slaven som du har drege inn til oss, kom til meg og ville gjera meg til latter. 18 Men då eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.»

Josef i fengsel

19 Herren til Josef vart brennande harm då han høyrde kva kona fortalde. «Dette har slaven din gjort mot meg», sa ho. 20 Han tok Josef og sette han i fengselet der fangane til kongen sat i lenkjer. Han vart sitjande der i fengselet. 21 Men Herren var med Josef og viste han miskunn. Han lét han finna godvilje hos styraren for fengselet. 22 Han lét Josef ta hand om alle fangane i fengselet og alt som skulle gjerast der. 23 Styraren hadde ikkje sjølv tilsyn med noko av det Josef hadde fått hand om. For Herren var med Josef. Herren lét alt han gjorde, lukkast for han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.