Ukraina flaggUkraina trenger bibler – kan du hjelpe?
Én bibel koster kr 71
Gå til forsiden

Kirkeårets tekster

Tekstrekke II

Kristi forklåringsdag

4.2.2024

Evangelietekst

Markus 9,2–13

Læresveinane får sjå Jesu herlegdom

2 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, 3 og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. 4 Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. 5 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 6 Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. 7 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» 8 Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.

9 På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10 Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. 11 «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. 12 Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? 13 Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.»

Lesetekst 1

2. Mosebok 3,1–6

1 Moses gjette småfeet til Jetro, svigerfar sin, presten i Midjan. Ein gong han dreiv feet over til den andre sida av ørkenen, kom han til Guds fjell, Horeb. 2 Då synte Herrens engel seg for han i ein flammande eld som slo opp frå ein tornebusk. Han såg, og sjå! – busken stod i lys loge, men han vart ikkje tært opp av elden. 3 Og Moses sa: «Eg vil gå bort og sjå dette mektige synet. Kvifor brenn ikkje tornebusken opp?» 4 Men då Herren såg at han kom bort for å sjå, ropa Gud til han frå tornebusken: «Moses, Moses!» Han svara: «Her er eg.» 5 Og Gud sa: «Kom ikkje nærare! Ta skorne av føtene! For staden du står på, er heilag grunn.» 6 Så sa han: «Eg er din fars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då gøymde Moses andletet, for han var redd for å sjå Gud.

Lesetekst 2

2. Peter 1,16–18

16 For vi følgde ikkje klokt uttenkte mytar då vi kunngjorde for dykk vår Herre Jesu Kristi makt og hans kome. Nei, vi var augnevitne og såg hans guddomlege velde. 17 For han fekk ære og herlegdom frå Gud, sin Far, den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» 18 Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet.

Fortellingstekst

Matteus 17,1–8

Læresveinane får sjå Jesu herlegdom

1 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. 2 Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset. 3 Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og snakka med han. 4 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!» 6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle. 7 Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!» 8 Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.