Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Kirkeårets tekster

Tekstrekke II

17. søndag i treeiningstida

15.9.2024

Evangelietekst

Lukas 7,11–17

Jesus vekkjer opp sonen til enkja i Nain

11 Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. 12 Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. 13 Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!» 14 Han gjekk borttil og la handa på båra. Då stansa dei som bar. Så sa han: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!» 15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. 16 Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.» 17 Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.

Lesetekst 1

1. Kongebok 17,17–24

Elia vekkjer opp son til enkja

17 Etter at dette hende, vart son til kvinna som eigde huset, sjuk. Og sjukdomen tok han så hardt at det til sist ikkje var livspust i han. 18 Då sa ho til Elia: «Kva har eg med deg å gjera, gudsmann? Du er komen til meg for å minna meg om synda mi og få sonen min til å døy.» 19 Han svara: «Gjev meg sonen din!» Så tok han guten frå fanget hennar, bar han opp på takkammeret der han budde, og la han på senga si. 20 Han ropa til Herren og sa: « Herre, min Gud! Vil du verkeleg gjera så vondt mot denne enkja som eg får bu hos, at du lèt son hennar døy?» 21 Så strekte han seg tre gonger ut over barnet og ropa til Herren: « Herre, min Gud! Lat barnet få livet att!» 22  Herren høyrde bøna til Elia. Og guten fekk att livet; han vart levande att. 23 Elia tok barnet og bar det frå takkammeret og ned i huset. Han gav det til mora og sa: «Sjå, son din lever!» 24 Då sa kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.»

Lesetekst 2

1. Korintar 15,35–45

35 Men no kunne nokon seia: «Korleis blir dei døde reiste opp? Kva slag kropp har dei?» 36 Å, uvituge menneske! Det du sår, gjev ikkje nytt liv utan at det døyr. 37 Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. 38 Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.

39 Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk. 40 Og det finst himmelske kroppar og jordiske kroppar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41 Ein glans har sola, ein annan har månen og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.

42 Slik er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som blir sådd, er forgjengeleg. Men det som blir reist opp, er uforgjengeleg. 43 Det blir sådd i vanære, det blir reist opp i herlegdom. Det blir sådd i vanmakt, det blir reist opp i kraft. 44 Det blir sådd ein kropp som hadde sjel, det blir reist opp ein åndeleg kropp.

Så visst som det finst ein kropp med sjel, finst det òg ein åndeleg kropp. 45 Slik står det skrive: Det første mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv.

Fortellingstekst

Johannes 11,1–44

Jesus vekkjer opp Lasarus

1 Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i. 2 Det var Maria som hadde salva Herren med olje og tørka føtene hans med håret sitt. Lasarus, som låg sjuk, var bror hennar. 3 Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du er så glad i, er sjuk.» 4 Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Nei, han er til Guds ære; han skal herleggjera Guds Son.» 5 Jesus elska Marta og syster hennar og Lasarus.

6 Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, vart han verande endå to dagar der han var. 7 Då først sa han til læresveinane: «Kom, lat oss dra tilbake til Judea.» 8 «Rabbi», sa dei, «no nettopp ville jødane steina deg, og så dreg du dit på nytt?» 9 Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som går om dagen, snublar ikkje, for han ser lyset i denne verda. 10 Men den som går omkring om natta, snublar, fordi han ikkje har lyset i seg.»

11 Då Jesus hadde sagt dette, sa han til dei: «Lasarus, venen vår, er sovna, men eg går og vekkjer han.» 12 «Herre», sa læresveinane, «er han sovna, så blir han nok frisk att.» 13 Jesus hadde tala om at han var død, men dei trudde han tala om vanleg søvn. 14 Då sa Jesus rett ut: «Lasarus er død. 15 Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, slik at de kan koma til å tru. Men kom, lat oss gå til han.» 16 Tomas, han som vart kalla Tvillingen, sa då til dei andre læresveinane: «Vi går med, vi òg, så vi kan døy saman med han.»

17 Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava. 18 Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadiar om lag, 19 og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren. 20 Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho og møtte han, men Maria vart sitjande heime. 21 Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd. 22 Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.» 23 «Bror din skal stå opp att», seier Jesus. 24 «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen», svara Marta. 25 Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. 26 Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» 27 «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Den salva, Guds Son, han som skal koma til verda.»

28 Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.» 29 Då Maria høyrde det, reiste ho seg straks og gjekk ut til han. 30 Jesus var endå ikkje komen inn i landsbyen; han var framleis der Marta hadde møtt han. 31 Dei jødane som var heime hos Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei følgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der.

32 Som no Maria kom dit Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døydd.» 33 Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som følgde henne, vart han oppskaka og opprørt i sitt indre, 34 og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre», svara dei. 35 Jesus gret. 36 Då sa jødane: «Sjå kor glad han var i han.» 37 Men somme av dei sa: «Han som opna auga på ein som var blind, kunne ikkje han ha hindra at denne mannen døydde?» 38 Jesus vart igjen opprørt og gjekk bort til grava. Det var ei hòle, og det låg ein stein framfor opninga. 39 «Ta bort steinen!» seier Jesus. «Herre», seier Marta, syster til den døde, «det luktar alt av han, for han har lege fire dagar i grava.» 40 Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?» 41 Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg. 42 Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette på grunn av folket som står omkring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.» 43 Då han hadde sagt det, ropa han høgt: «Lasarus, kom ut!» 44 Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.