Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Kirkeårets tekster

Tekstrekke II

Pinsedag

19.5.2024

Evangelietekst

Johannes 14,15–21

Lovnad om Den heilage ande

15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: 17 Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.»

Lesetekst 1

1. Mosebok 1,1–5

Gud skaper verda

1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.

2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret. 5 Gud kalla lyset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, første dagen.

Lesetekst 2

Apostelgjerningane 2,1–11

Anden kjem pinsedagen

1 Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. 2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. 3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.

5 I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen. 6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål. 7 Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? 8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål? 9 Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, 10 Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, 11 jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

Alternativ lesetekst 2

1. Korintar 12,12–13

12 For liksom kroppen er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin kropp, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg. 13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin kropp, anten vi er jødar eller grekarar, slavar eller frie, og alle fekk vi éin Ande å drikka.

Fortellingstekst

Apostelgjerningane 2,1–18

Anden kjem pinsedagen

1 Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. 2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. 3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.

5 I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen. 6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål. 7 Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? 8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål? 9 Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, 10 Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, 11 jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» 12 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?» 13 Men nokre gjorde narr av dei og sa: «Dei har drukke seg fulle på søt vin.»

Peter talar på pinsedagen

14 Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei:

«Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine! 15 Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen. 16 Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:

17 I dei siste dagar skal det henda, seier Gud,

at eg auser ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal profetera,

dei unge skal sjå syn,

og dei gamle skal drøyma draumar.

18 Sjølv over slavane og slavekvinnene mine

vil eg ausa ut min Ande i dei dagane,

og dei skal tala profetord.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.