Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Paulus' første brev til korintarane

6

Rettssaker mellom kristne

1 Når ein av dykk har ei sak mot ein annan, korleis kan han då våga å leggja henne fram for dei urettferdige og ikkje for dei heilage? 2 Veit de ikkje at dei heilage skal dømma verda? Og når de skal dømma verda, kvifor duger de ikkje då til å dømma i småsaker? 3 Eller veit de ikkje at vi skal dømma englar? Kan de ikkje då dømma i reint jordiske saker? 4 Men når de har slike jordiske rettssaker, korleis kan de då setja folk til dommarar som ikkje har tillit i forsamlinga? 5 Dette seier eg for at de kan skamma dykk! Finst det ikkje ein einaste vitug hos dykk som kan dømma i ei sak mellom brør? 6 Nei, bror fører sak mot bror, og det for dommarar som ikkje trur. 7 Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker mot kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett? Kvifor lid de ikkje heller tap? 8 Men de gjer urett og lèt andre lida tap – til og med sysken. 9 Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vill! Verken dei som lever i hor, dei som dyrkar avgudar eller dei som bryt ekteskapet, verken menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med, 10 verken tjuvar, grådige, drankarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike. 11 Slike har somme av dykk vore. Men no er de vaska reine, de har vorte helga, de er gjorde rettferdige i Herren Jesu Kristi namn og i vår Guds Ande.

Kroppen høyrer Herren til

12 Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg. 13 Maten er til for magen, og magen for maten, men Gud skal gjera ende på dei begge. Kroppen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for kroppen. 14 Gud reiste opp Herren, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp. 15 Veit de ikkje at kroppane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til horelemer? Langt ifrå! 16 Eller veit de ikkje at den som held seg til ei hore, er éin kropp med henne? For det er sagt: Dei to skal vera éin kropp. 17 Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han. 18 Hald dykk langt borte frå hor! All synd som eit menneske gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp. 19 Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: 20 De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.