Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Paulus' andre brev til korintarane

12

Syn og openberringar

1 Eg må skryta av meg sjølv, endå det ikkje tener til noko. For no kjem eg til syn og openberringar frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus som for fjorten år sidan vart bortrykt til den tredje himmelen – om det var i kroppen eller utanfor kroppen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at dette mennesket vart bortrykt til paradis – om det var i kroppen eller utanfor kroppen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, ord som menneske ikkje har lov til å tala. 5 Av dette mennesket vil eg vera stolt, men eg vil ikkje vera stolt av meg sjølv, anna enn av veikskapen min. 6 Men om eg no ville vera stolt, så var eg ikkje frå vitet, for det var sanning, det eg tala. Men eg lèt det vera, så ingen skal tenkja høgare om meg enn dei gjer når dei ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.

Uro før ei ny reise til Korint

11 Så har eg likevel gått frå vitet! De har tvinga meg til det, endå det var de som skulle ha lagt inn eit godt ord for meg. For eg er ikkje noko dårlegare enn desse superapostlane, endå eg ingenting er. 12 Dei teikna som er kjennemerke på ein apostel, har eg med stort tolmod gjort mellom dykk, både teikn, under og mektige gjerningar. 13 Vart de sette lågare enn dei andre forsamlingane? Det måtte i så fall vera at eg ikkje har vore ei bør for dykk. Tilgjev meg den uretten!

14 No er det tredje gongen eg står klar og skal reisa til dykk. Eg skal ikkje vera ei bør for dykk; for det er ikkje det de eig, eg er ute etter, men dykk sjølve. Det er då ikkje borna som skal samla rikdom til foreldra, men foreldra til borna. 15 Men eg vil gjerne ofra alt, ja, sjølv bli ofra for dykkar skuld. Skal eg då bli mindre elska fordi eg elskar dykk meir? 16 Det kan vera som somme seier, at eg ikkje har vore ei bør for dykk, men at eg er slu og har vunne dykk med list. 17 Har eg kanskje sendt nokon til dykk for eiga vinning skuld? 18 Eg bad Titus reisa og sende ein annan bror med han. Har Titus utnytta dykk? Har ikkje han og eg gått fram i den same ånd og gått i dei same fotspora?

19 No har de nok lenge tenkt at vi forsvarar oss for dykk. Men det er for Guds andlet vi talar, i Kristus. Og alt dette er sagt, så de, mine kjære, skal bli oppbygde. 20 For eg er redd at eg ikkje skal finna dykk slik som eg vil, når eg kjem, og at de ikkje skal finna meg slik de vil. Eg er redd eg skal finna strid, misunning, sinne, sjølvhevding, baktale, sladder, hovmod og opprør. 21 Ja, eg er redd min Gud på nytt skal audmjuka meg mellom dykk når eg kjem og må sørgja over mange, fordi dei har synda og ikkje angra all den ureinskap, hor og skamløyse dei har drive med.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.